Arkeologar tapar pensjonspoeng
LUKK

Arkeologar tapar pensjonspoeng

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. februar 2013 kl. 07:00

Arkeologar utan fast jobb mistar fleire års opptening til tenestepensjon. - Pensjonssystemet i Noreg er ikkje laga for mellombels tilsette arkeologar, seier jurist.

arkeologar-tapar-pensjonspoeng


– Vi får ikkje utteljing for studia i grunnpensjonen frå folketrygda, noko som gjev oss eit svært uheldig utgangspunkt., seier leiar i MAARK Ingar Gundersen.

Fakta
<

– Dette er første gongen eg har hatt kontrakt lenger enn seks månader. Sidan 2005 har eg hatt 15 kontraktar berre ved Kulturhistorisk museum ved UiO, i tillegg til Byantikvaren i Oslo, Akershus fylkeskommune og Hedmark fylkeskommune. Problemet er å få oversikt når kvar arbeidsplass har ulike reglar. Nokre stader gløymer dei også å rapportere inn til pensjonskassa, seier Annette Solberg, som er master i arkeologi og har ei toårig prosjektleiarstilling ved Arkeologisk Museum ved Universitetet i Stavanger.

– Det verste tilfellet er Hedmark fylkeskommune, der ein må ha kontrakt i seks månader for å få rett til pensjon. Der jobba eg først i fem månader, seinare i to månader. Kvar gong har dei trekt pensjon frå lønna mi, men eg har ikkje fått pensjonspoeng. Hjå Byantikvaren i Oslo har dei privat pensjonsordning der ein må vere tilsett i eitt år for å få pensjon. Der kan ein gå i årevis på mellombelse kontraktar utan å få rett til pensjon i det heile.

Mistar mange år

– Pensjonssystemet i Noreg er ikkje laga for mellombels tilsette arkeologar, som har mange og kortvarige arbeidskontraktar. Dei passar ikkje inn i regelverket, og mange går difor glipp av opptening både i stat, kommune og det private, seier Tine Schenck. Ho er utdanna jurist, men har også vore mellombels tilsett arkeolog i mange år.

Schenck har nyleg gjennomført ei undersøking av lønnsforhold og pensjon blant medlemmene i MAARK – mellombels tilsette arkeologar, som er ei fagpolitisk foreining i Forskerforbundet.

– Rapporten viser mange graverande døme på medlemmer som ikkje har fått pensjonsutteljing for kortvarige kontraktar som gjerne varer ei veke, to veker eller ein månad. I gjennomsnitt har medlemmene mista to år og to månader som dei skulle hatt utteljing for, og det finst dei som har mista åtte år.

Vanskeleg å få oversikt

Leiar i MAARK Ingar Gundersen meiner det særleg er fire faktorar som slår uheldig ut for pensjonsoppteninga:

– Vi får ikkje utteljing for studia i grunnpensjonen frå folketrygda, noko som gjev oss eit svært uheldig utgangspunkt. Dessutan går mange arbeidsledige fleire månader kvart einaste år og mistar opptening til tenestepensjonen, seier Gundersen.

Han peikar også på at mange og korte kontraktar medfører tapt opptening til tenestepensjonen.

– Vekslande tilsetjingsforhold hjå arbeidsgjevarar med ulike pensjonstenester gjer det dessutan svært vanskeleg for arbeidstakaren å få oversikt over den samla oppteninga.

Lise Loktu, som er feltarkeolog med mastergrad i arkeologi, er eit godt døme på dette:

– Akkurat no har eg ein kontrakt på ti månader ved Kulturhistorisk museum i Oslo, den lengste kontrakten eg nokon gong har hatt. Sidan 2009 har eg hatt 30 kontraktar, og mange av dei er veldig kortvarige – heilt ned til tre dagar. Dermed har eg mista opptening, fordi kontraktane har vore for kortvarige til å bli rekna med i KLP (Kommunal Landpensjonskasse). Eg har jobba for ulike arbeidsgjevarar som har hatt ulike pensjonsavtalar, og då er det problematisk å få oversikt over oppteninga, seier Loktu.

Tapar på minstekrav 

Er arbeidskontrakten kortare enn åtte dagar, får ein inga opptening i Statens pensjonskasse (SPK). Ifølgje Schenck fører denne regelen til at mange medlemmer i MAARK fell utanfor.

– Og sjølv om ein har jobba hundre prosent i åtte dagar, får ein ikkje opptening for meir enn 33 prosent, fordi all pensjonsrapportering i SPK følgjer kalendermånaden. Jobbar ein sju dagar i slutten av ein månad og sju dagar i den neste, kan ein ende opp utan pensjonsberekning.

I KLP er minstekravet for å få pensjon at ein jobbar meir enn 22 dagar i løpet av eit kvartal.

– Jobbar ein i fire veker og blir arbeidsledig etterpå, risikerer ein å ikkje få noko for desse vekene. Om ein sjølv står veldig på, kan ein få dagane med seg inn i neste arbeidsforhold, men då må ein sjølv gå til arbeidsgjevaren med dokumentasjon på tidlegare arbeid. Problemet er at dei fleste ikkje kjenner til reglane.

Ho reagerer også på at alt ansvaret blir velta over på arbeidstakarane.

– Etter norsk lovverk er det arbeidsgjevaren som skal ta ansvar for pensjonen, seier Schenck.