Mange arbeidsgjevarar sviktar arkeologane
LUKK
Annonse
Annonse

Mange arbeidsgjevarar sviktar arkeologane

Av Johanne Landsverk

Publisert 6. mars 2013 kl. 07:06

Mange korte arbeidsforhold blir ikkje melde inn til Statens pensjonskasse. Dette rammar feltarkeologar.

Fakta
<

I førre nummer av Forskerforum kom det fram at mellombels tilsette arkeologar mistar tenestepensjon. Grunnen er blant anna at kortvarige arbeidsoppdrag ikkje alltid gjev rett til pensjonspoeng, og det er ikkje alt som blir rapportert inn til pensjonskassa.

– Reglane er ikkje laga for deltidstilsette eller arbeidstakarar med mange og korte arbeidskontraktar. Lovverket er frå 1949, og er nok tilpassa ei tid då hovudregelen var at alle hadde 100 prosent stilling, seier bedriftsrådgjevar Hjalti Helgason i Statens pensjonskasse (SPK).

Han seier SPK slit med å få inn all rapportering..

– Dette gjeld spesielt korte arbeidsforhold på eit par dagar. Etter loven er minstegrensa for å få rett til pensjon 14 timar eller 37,33 prosent stilling, men ein kan ha fleire stillingar i løpet av ein månad – slik at desse til saman fyller minstekravet. Men her er det mange arbeidsgjevarar som sviktar. Arbeidsgjevaren tenkjer kanskje at to–tre dagar ikkje gjev rett til pensjon, men desse dagane kan telje med om arbeidstakaren held fram i eit nytt arbeidsforhold, fordi vi legg saman alle periodane, seier Helgason.

Forstår ikkje kritikken

I saka vart Hedmark fylkeskommune trekt fram som den verste av alle: Ifølgje ein arkeolog som jobba der i to periodar, måtte ein vere tilsett i seks månader for å tene opp rett til pensjon. Arkeologen betalte også inn til Kommunal Landpensjonskasse (KLP) utan å få utteljing for dette i form av pensjonspoeng.

– Vi stiller oss heilt uforståande til det som kjem fram i artikkelen. Hedmark fylkeskommune følgjer det vanlege regelverket til KLP, seier Elisabeth Seip, leiar i kulturminneavdelinga i Hedmark fylkeskommune.

Ho seier avdelinga no er i ferd med å kontrollere kva som har skjedd i den nemnde saka.

– Innrapportering av pensjon skal gå heilt automatisk, og om kontraktperioden ikkje kjem over minstegrensa, får arbeidstakaren pengane tilbake. Men minstekravet på 167 timar i kvartalet kan jo slå uheldig ut for mange. Det er eit spørsmål som burde bli reforhandla i det sentrale tariffoppgjeret, og det er veldig bra at denne problematikken blir teken opp, seier Seip.

Kan slå saman stillingar

Sjeføkonom Erik Orskaug i Unio, hovudorganisasjonen til Forskerforbundet, seier Unio har vore oppteken av dette i mange år.

– I det siste tariffoppgjeret fekk vi med at ein og same person som har fleire deltidsstillingar i ulike pensjonskasser, skal kunne slå timane saman, slik at ein kjem over minstekravet på 14 timar eller 37,33 prosent. Dette vil også kunne hjelpe feltarkeologar som har mange ulike arbeidsgjevarar, seier han.

Han fortel at Unio i fleire år har stilt krav i tarifforhandlingane om at minstekravet på 37,33 prosent bør gå ned til 20 prosent.

– Men vi har ikkje fått gjennomslag for dette i forhandlingane med staten eller KS, seier Orskaug.

– Hårreisande tilsetjingspolitikk

– Det er ikkje pensjonsreglane i seg sjølve som er problemet, men den hårreisande tilsetjingspolitikken til institusjonane. Det er eit tankekors at arkeologiske utgravingar er lovpålagde, medan dei høgt utdanna arkeologane som utfører arbeidet, går for lut og kaldt vatn i kortvarige og i mange tilfelle ulovlege mellombels kontraktar, seier Bjørn T. Berg, sjef i fagpolitisk avdeling i Forskerforbundet.

Han meiner at arbeidsgjevarane må ta større ansvar.

– Dei må også sørgje for at alt som skal meldast inn til pensjonskassa, blir meldt inn. Om det verkeleg er tilfellet at arbeidsgjevarane sviktar her, og at mange feltarkeologar ikkje får den pensjonen dei har krav på, er det veldig alvorleg, seier Berg.

– Kan ikkje grave heile året

Asle Bruen Olsen er leiar for Seksjon for ytre kulturminnevern ved Universitetsmuseet i Bergen. Han meiner universitetet har eit system som sikrar god rapportering av pensjon, også for feltarkeologane. Men han er ikkje sikker på om det lèt seg gjere å redusere talet på mellombels kontraktar.

– Ved lovpålagde og kortvarige utgravingsprosjekt er vi avhengige av å tilsetje mange arkeologar mellombels. Vi kan ikkje grave heile året. Vi skulle gjerne ha tilsett fleire, men utgravingar er konjunkturavhengige, og for arbeidsgjevaren ville det vere uansvarleg å gå inn for fleire faste tilsetjingar. Dette er eit strukturelt problem, men eg kan ikkje sjå korleis det kan løysast på nokon annan måte, seier Bruen Olsen.