Piratnettstad utfordrar tidsskriftforlaga
LUKK
Annonse
Annonse

Piratnettstad utfordrar tidsskriftforlaga

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 18. februar 2016 kl. 15:27

Nettstaden Sci-Hub bryt gjennom betalingsmurar og gjev gratis tilgang til all publisert forsking. Det kan tvinge fram ei endring i det akademiske publiseringssystemet.

piratnettstad-utfordrar-tidsskriftforlaga


Prisnivået for elektroniske tidsskrift har auka langt meir enn konsumprisindeksen dei siste åra, fortel Nina Karlstrøm.

piratnettstad-utfordrar-tidsskriftforlaga


Via piratnettstaden Sci-Hub kan kven som helst lese artiklar frå dei mest prestisjetunge tidsskrifta.

Fakta
<

Folk som treng å lese vitskaplege artiklar, men ikkje arbeider ved ein institusjon som betaler for tidsskriftabonnement, har ikkje hatt veldig mange framgangsmåtar å velje mellom. Ein kan kontakte artikkelforfattaren og be vedkomande tynt om å bruke av tida si på å sende ein kopi av artikkelen. Ein kan kjøpe artikkelen frå forlaget, til ein pris som typisk ligg på 250 kroner per artikkel og kanskje ikkje eingong gjev deg rett til å laste ned artikkelen, men berre få 24 timar lesetilgang på nett – ei løysing som for privatpersonar forbyr seg sjølv etter kort tid. Eller ein kan ty til ei løysing som er ulovleg, men utbreidd: Kontakte ein kjenning som er så heldig å sitte på ei ip-adresse med tilgang til tidsskriftet, og be vedkomande laste ned artikkelen og sende han. På Twitter har denne praksisen fått sin eigen emneknagg, #icanhazpdf, der folk legg ut etterlysingar i håp om at vennlege sjeler med tidsskrifttilgang vil laste ned og sende artikkelen til dei.

Men no finst enno eit alternativ: Ein kan oppsøke nettsida Sci-Hub, taste inn den digitale identifikatoren til artikkelen, og i neste sekund ligg pdf-fila klar til nedlasting på datamaskina.

Låner tilgang frå institusjonane

Sci-Hub er ein piratnettstad for vitskaplege artiklar og den største massetilgjengeleggjeringa av forskingslitteratur sidan Aaron Swartz lasta ned heile katalogen til forlaget JSTOR ved hjelp av tilgangen han hadde gjennom sin eigen institusjon, Massachusetts Institute of Technology – ei handling som førte til arrest på uklart juridisk grunnlag. Han tok livet sitt i 2013 medan saka enno var på veg gjennom rettssystemet.

I motsetnad til Swartz, er opphavskvinna bak Sci-Hub, Aleksandra Elbakyan, tydeleg på at ho driv rein piratverksemd. Sci-Hub har automatisert prosessen med å be kjenningar med institusjonstilgang om å laste ned artikkelen. Når ein tastar inn ein artikkel på Sci-Hub, vil programmet først sjå etter om artikkelen er mellom dei 48 millionane artiklar systemet, etter seiande, allereie har lasta ned. Er han ikkje det, vil programmet prøve tilgangsnøklar frå den eine institusjonen etter den andre, heilt til ein av dei gjev tilgang til artikkelen. Den blir så sendt til brukaren, og ein kopi blir lagt i Sci-Hub sitt eige bibliotek, klar til neste gong. For brukaren tek heile prosessen to sekund, minst like raskt som å skaffe artikkelen på lovleg vis sjølv om ein har institusjonell tilgang.

Tidsskrift-prisar til himmels

Noko av bakgrunnen for at ei teneste som Sci-Hub er blitt laga, er at vitskaplege tidsskrift er blitt svært mykje dyrare enn den generelle prisstiginga skulle tilseie. Undersøkingar gjort av American Library Association viser at prisnivået for elektroniske tidsskrift steig med 6,2 prosent i 2012 og 6,9 prosent i 2013. Til samanlikning steig konsumprisindeksen med høvesvis 1,7 og 1, 5 prosent, fortel seniorrådgjevar i forskingsinformasjonssystemet Cristin, Nina Karlstrøm.

– I Noreg er det meste av vitskapleg publisering tilgjengeleg for tilsette og studentar ved institusjonar som har kjøpt lisens. Lisensane blir kjøpt i store pakker, så har ein råd til å betale, får ein tilgang til enormt mykje. Men mindre forskingsinstitutt, dei delane av helseforetaka som ikkje tilhøyrer universitetssjukehusa, og ikkje minst det allmenne publikum, får problem, seier ho.

Sjølv i den vestlege verda er utgiftene til forskingslitteratur i ferd med å vekse institusjonane over hovudet. Korleis det er i andre delar av verda, kan ein berre spekulere i.

– Det er ikkje nokon løyndom at dei ulike konsortia som forhandlar om lisensar, får ulike tilbod frå forlaga avhengig av forventa betalingsevne. Men fordi det er liten transparens rundt slike avtalar, veit vi veldig lite om kva andre betalar. I Noreg har vi lenge hatt god økonomi, og det har vore spegla i pristilboda vi har fått. Så gjer vi det vi kan for å forhandle dei ned. Institusjonar og land med dårlegare betalingsevne får nok lågare pristilbod, men det treng ikkje bety at dei er låge nok, fortel Karlstrøm.

Fanga av prestisjeøkonomien

Tidsskrifta har kunna ta høge prisar fordi forskingssamfunnet ikkje har anna val enn å betale. Vil ein forske, må ein ha tilgang på vitskapleg litteratur. Vil ein ha ei akademisk karriere, må ein publisere, og helst i så prestisjetunge tidsskrift som råd. Samstundes er mykje av forskinga finansiert med offentlege midlar, men kjem altså ikkje den same offentlegheita til gode.

Det er med dette som bakgrunn at det er blitt eit stadig sterkare press for å gjere forskingslitteratur ope tilgjengeleg. Open tilgang til forsking er ei uttala målsetting frå stadig fleire styresmakter og aktørar som finansierer forsking. Nyleg sette regjeringa ned eit utval som skal utarbeide nasjonale retningsliner for open tilgang til forsking.

– Det som er i ferd med å skje no, i alle fall i Europa, er at i staden for å forhandle om pris på retten til å lese, så går institusjonane til forlaga og forhandlar om pris på retten til å publisere med open tilgang i deira tidsskrift. Når det gjeld open tilgang, trur eg ikkje vi lenger snakkar om «viss», men «når». Forlaga tek til å rigge seg for denne overgangen, dei tenkjer mindre i form av leselisensar, og meir i form av betalingsvilje på andre område, seier Karlstrøm.

Sci-Hub joker i systemet

Spørsmålet er om Sci-Hub vil setje fart i denne utviklinga. Ironisk nok vart Sci-Hub ein viktig aktør i publiseringslandskapet først då tidsskriftforlaget Elsevier saksøkte nettstaden for brot på opphavsretten og tapt forteneste. Mediemerksemda kring søksmålet førte til at Sci-Hub gjekk frå å vere ei russiskspråkleg teneste for dei innvidde, til å bli ein nettstad som handterer hundretusenvis av førespurnader kvar dag. Elsevier er verdas største vitskaplege forlag, og har lenge hausta kritikk for dei absurd høge prisane dei tek for tidsskrifta sine. Tusenvis av forskarar deltek i ein boikottaksjon mot forlaget ved at dei nektar å publisere i Elsevier-tidsskrift eller utføre fagfellevurdering eller redaktøroppgåver for dei.

I første omgang fekk Elsevier medhald i ein rett i New York, som førte til at Sci-Hub sitt domene vart stengt. Men etter kort tid var nettstaden oppe att under eit anna domenenamn, og ettersom både Aleksandra Elbakyan sjølv og serverane nettstaden nyttar, held til utanfor amerikansk jurisdiksjon, er det førebels uklart kor effektivt søksmålet vil vere. I mellomtida blir forskingsartiklane lesne, i stor skala og over heile verda.