Av Johanne Landsverk
Publisert 31. oktober 2019 kl. 09:57
I statsbudsjettet foreslår regjeringa å auke løyvinga til regionale forskingsfond (RFF) frå 183,3 millionar kroner i 2019 til 189,1 millionar i 2020. – Her i RFF Vestlandet har vi fått mange gode prosjektsøknader som vi må avvise, så sjølv om tilskotet aukar litt, kunne eg ønskt meg meir, seier Jenny Følling (Sp). Ho er fylkesordførar i Sogn og Fjordane og avtroppande styreleiar for RFF Vestlandet, som er eitt av sju regionale forskingsfond i Noreg (sjå faktaboksen). I kvart av fonda har minst to fylkeskommunar tidlegare samarbeidd om bruken av midlane. Men med ny fylkesstruktur vil kvart fylke få sitt eige forskingsfond og forskingsmidlane bli fordelte på elleve fylkeskommunar. Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit forslag til ny forskrift for dei regionale forskingsfonda som skal tre i kraft 1. januar 2020. Ifølgje departementet skal den einskilde fylkeskommunen sjølv velje modell for styring av tilskotsordninga, men Forskingsrådet skal framleis spele ei viktig rolle som kvalitetssikrar i behandlinga av søknadene.
Følling reagerer på at dei fylka som Stortinget har vedteke å slå saman, blir straffa i den nye fordelingsnøkkelen.
– Når potten skal fordelast på fylka, vil dei som slår seg saman med andre, få mindre enn før. Det er urimeleg om vi i Sogn og Fjordane, som no blir slått saman med Hordaland, kanskje får 18 millionar av midlane, medan Rogaland, som står att aleine, får 16 millionar. Dette rimar dårleg med at dei nye fylkeskommunane skal få overført fleire og sterkare verkemiddel. Så eg stiller spørsmål ved heile fordelingsnøkkelen, seier ho.
Iselin Marstrander, administrerande direktør i Nordlandsforskning, har derimot stor tru på den nye organiseringa. I dag har dei tre nordlegaste fylka eitt felles forskingsfond, men dette blir no splitta opp, slik at Nordland får sitt eige fond og Troms og Finnmark eit anna.
– Slik det har vore fram til no, må dei som styrer fondet, bli einige om støtte til forskingsprosjekt i tre svært ulike fylke. Når Nordland får sitt eige fond, vil ein kunne prioritere forsking i eigen fylkeskommune på ein heilt annan måte, meiner ho.
Nordlandsforskning er blant dei som tidlegare har fått støtte av det regionale forskingsfondet i Nord-Noreg. Marstrander er svært positiv til det som no skjer:
– Eg trur den nye innretninga vil vere mykje betre designa for næringslivet her i Nordland, seier ho.
Forslaget til forskrift er no ute til høyring med svarfrist 12. november.