Forskingsrådet gjer det vanskeleg for musea å forske: – Eit unødvendig byråkrati, meiner forskingsleiar
LUKK

Forskingsrådet gjer det vanskeleg for musea å forske: – Eit unødvendig byråkrati, meiner forskingsleiar

Av Johanne Landsverk

Publisert 17. mars 2021 kl. 10:10

Strenge reglar i Forskingsrådet gjer det problematisk for musea å bli godkjende som forskingsinstitusjonar.

Å vinne fram i kampen om midlane i Forskingsrådet, er vanskeleg for alle. Men for museum under Kulturdepartementet er denne finansieringskanalen blitt utilgjengeleg for dei fleste, særleg etter at Forskingsrådet i 2018 innførte nye krav til å bli godkjent som forskingsinstitusjon. Som følgje av eit ESA-direktiv innførte Forskingsrådet blant anna krav om separat reknskapsføring for kommersiell og ikkje-kommersiell aktivitet. Alle museum som tidlegare var godkjende forskingsinstitusjonar, må difor søke om godkjenning på nytt.

– Heilt meiningslause reglar

– Dei nye reglane til Forskingsrådet er heilt meiningslause, og har ingenting med fagleg kvalitet å gjere. Det er innført eit heilt unødvendig byråkrati for å skilje mellom kommersiell og ikkje-kommersiell verksemd. Men det er heilt absurd å tru at eit museum som får tildelt knappe forskingsmidlar frå Forskingsrådet skulle bruke desse til å subsidiere kafédrift eller utleigeverksemd, meiner Per G. Norseng.

Han er forskingskoordinator for Stiftelsen Norsk Folkemuseum, som Norsk Maritimt Museum er ein del av. Norseng er også professor II ved Universitetet i Søraust-Noreg.

– Eg trur mange museum kunne tenkt seg å bli akkreditert forskingsinstitusjon, men dei orkar ikkje alt arbeidet dette medfører, seier han.

Musea er ikkje likeverdige

Norseng er prosjektleiar for eit stort internasjonalt forskingsprosjekt med tittelen «The last Ice Age», som i 2018 fekk tildelt såkalla FRIPRO-midlar frå Forskingsrådet. Maritimt Museum fekk gjennomslag for prosjektet før dei nye reglane kom.

– For prosjektet vårt hadde ikkje dei nye reglane til Forskingsrådet hatt noko å seie, for museet vårt er framleis akkreditert som forskingsinstitusjon. Men reglane har gjort at det er vanskeleg for mange andre og mindre museum å gjere noko liknande, for berre nokre svært få er godkjende forskingsinstitusjonar, fortel Norseng.

I tillegg er det blitt vanskelegare for musea å stå som partnar saman med andre institusjonar i prosjekt som er finansiert av Forskingsrådet.

– For å vere prosjekteigar, og også for å vere partnar i eit prosjekt, må institusjonen vere akkreditert. Så i praksis er det store fleirtalet av musea berre underleverandørar. Ein underleverandør sel tenester, og blir ikkje oppført i prosjektet som ein likeverdig partnar, seier han.

– Mistar eigarretten til forskinga

Generalsekretær Liv Ramskjær i Museumsforbundet er også kritisk til reglane, og at ikkje-godkjende museum er blitt utestengde som samarbeidspartnarar.

– Reglane ekskluderer museum som universiteta gjerne vil ha med. Slik det er no, må universiteta kjøpe tenester av musea for å få dei med, men då mistar musea eigarretten til forskinga si, seier ho.

– Vi håpar at Kulturdepartementet får Forskingsrådet til å snu i denne saka, seier Liv Ramskjær. Foto: Thomas Johannessen

Ramskjær meiner at Kulturdepartementet har eit ansvar i denne saka.

– Det er Forskingsrådet som har innført desse reglane og som har gjort det vanskelegare for musea. Men Kulturdepartementet må også bidra til å hjelpe.

Ho seier Museumsforbundet har teke saka opp med Kulturdepartementet.

– Det er bra at departementet sette ned eit museumsutval som har trekt fram denne problematikken i rapporten «Vilje til forskning». No håpar vi at Kulturdepartementet får Forskingsrådet til å snu i denne saka, seier Ramskjær.

Følgjer krav frå ESA

Ifølgje Forskningsrådet vart endringane i krava til forskingsorganisasjonar gjort for sikre at det ikkje blir tildelt ulovleg statsstøtte.

– Våre krav og retningslinjer for godkjenning som forskingsorganisasjon ligg tett opp til krava som ESA har. Dette har vi gjort for å vere sikre på at vi ikkje tildeler ulovleg statsstøtte. Gjer vi det, vil dei som mottek støtta, måtte betale tilbake heile beløpet med renters rente. Difor må det vere eit skilje mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet, forklarer Nina Hedlund, avdelingsleiar for Kvalitets- og prosesstyring i Forskingsrådet.

Har godkjent tre museum

Hedlund seier Forskingsrådet har eit komplisert regelverk å halde seg til, og det er viktig å innrette verkemidla med tanke på dette.

– Arbeidet med dei nye retningslinjene er gjort på eit nivå som skal famne alle typar forskingsorganisasjonar. Vi har godkjent tre museum som forskingsorganisasjonar, og handsamar søknader om godkjenning fortløpande. Men vi kan sjå nærmare på om det kan vere opningar i statsstøtteregelverket for å behandle museum på ein noko annan måte enn andre forskingsorganisasjonar. Dette vil måtte ta noko tid, då dette er eit komplisert rettsleg felt, svarar Hedlund.

  • Les også: