Korleis kan legevakta best hjelpe pasientar og avlaste resten av helsevesenet?

Vivian Midtbø forskar på nøkkelrolla til dei som tek telefonen på legevakta.

Kunsten å prioritere

Tekst: Kjerstin Gjengedal     Foto: Paul Sigve Amundsen

Teksten sto først på trykk i Forskerforum nr.1/januar 2022.

Då vi møter Vivian Midtbø, sjukepleiarutdanna forskar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM), er koronasmittetala stigande (igjen), alle snakkar om omikron, og ingen har klart for seg kor mange munnbind, konsertavlysingar og heimekontordagar dei neste vekene vil by på.

Pandemien er, i tillegg til å vere ei praktisk utfordring på arbeidsplassen, også eit forskingstema ved NKLM. Landets legevaktsentralar utgjer førstelina i pandemiforsvaret, og no skal dei undersøke korleis dei har takla den oppgåva.

Forskar: forskar Vivian Midtbø ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin / NORCE

Prosjekt: pasientprioritering og medisinsk rådgjeving i legevaktsentral, i normale tider og under ein pandemi

Metode: kvantitativ analyse av registerdata frå legevaktsentralar som deltek i Vakttårnprosjektet

Uunnverleg verktøy: idémyldring med kollegaer, og Excel

Kven ringer?

– Legevaktsentralane er ofte det første kontaktpunktet folk har med legevakta, så dei er ein svært viktig instans i den medisinske nødmeldetenesta, spesielt dersom vi satsar skikkeleg på dei, seier Midtbø.

Men akkurat kor viktige dei er, har vi inntil nyleg visst lite om. Det har mangla informasjon om kven som ringer til legevaktsentralane, kvifor dei ringer, og kva oppfølging dei får. Dette er tema for Midtbøs doktorgradsprosjekt.

– Det er viktig å kunne vise fram funksjonen deira med talmateriale. Først då kan vi vite om legevaktsentralane har ressursane dei treng, og om personalet har rett kompetanse.

Når du ringer det nasjonale legevaktnummeret 116 117, kjem du til legevaktsentralen. Det er nesten 100 av dei, og ofte ligg dei i sjølve legevaktlokalet. Andre stader samarbeider fleire legevaktdistrikt om éin legevaktsentral.

– Mange stader har du ikkje ei stor legevakt, kanskje skjer legevaktarbeidet frå eit fastlegekontor. Då kan du ikkje møte opp utanfor arbeidstid, du må ringe først, forklarer Midtbø.

– Det har vore ei rivande utvikling dei siste 15 åra. Tidlegare hadde ein ikkje legevaktsentralar, det var kanskje kommunelegen du kom til når du ringte etter legehjelp utanom arbeidstid. Det er blitt mykje meir profesjonalisert.

I Bergen er det vanleg å møte opp personleg på legevakta. Det er eit mål at flest mogleg i staden skal ringe legevaktsentralen først.

Dirigerer trafikken

I doktorgradsprosjektet kartlegg ho korleis folks kontakt med legevaktsentralane går føre seg, og kva slags medisinsk hjelp dei får. Datamaterialet består av registreringar frå sju utvalde legevaktsentralar som deltek i eit løpande datainnsamlingsprosjekt kalla Vakttårnet, i regi av NKLM. I utgangspunktet såg ho på kontaktar med desse sentralane i normale tider. Men då covid-19 kom til landet, kasta Vakttårn-sentralane seg rundt og byrja registrere kontaktar som handla om dette. Ein analyse av korleis kontaktmønsteret endra seg under pandemien, vil no utgjere den siste av tre delstudiar i Midtbøs doktorgrad.

Den som tek telefonen i legevaktsentralen, er oftast ein sjukepleiar. Oppgåva deira er å «triagere» pasientane, det vil seie sortere dei etter kor mykje det hastar, og kva type hjelp dei treng.

– Operatøren skal fordele pasientane til eitt av tre nivå: Raudt, som er dei som treng akutt hjelp. Gult, som vil seie at det hastar og at pasienten må kome til legevakta med ein gong. Eller grønt, som betyr at pasienten truleg kan vente nokre timar. Sjukepleiaren kan også gje medisinske råd over telefonen, seier Midtbø.

Ofte er telefonrådgjeving nok, og pasienten treng ikkje konsultere lege, eller kan vente til dei får time hjå fastlegen. Men fram til no har det altså vore lite kunnskap om kva funksjon operatørane ved legevaktsentralane eigentleg fyller i primærhelsetenesta.

Nybygget der Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin held hus opna hausten 2020.

– Fleire tilsette ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin jobbar også i legevakt. Det gjev oss nærleik til praksisfeltet, seier Vivian Midtbø, som sjølv har sjukepleiarerfaring.

Mange treng ikkje legehjelp

I den første delen av prosjektet gjekk Midtbø gjennom dataa som var samla inn ved Vakttårn-sentralane gjennom eitt år (2014) og analyserte dei. Sentralane samlar inn informasjon om kven som ringer, hastegrad, kva tid på døgnet kontakten skjer, og kva oppfølging dei får.

Sentralane registrerte 282 innringingar per 1000 innbyggjarar dette året (kvar oppringing blir talt, også når same person ringer fleire gonger på kort tid). 23 prosent av telefonane vart berre handterte av sjukepleiaren som tok telefonen. Nesten 60 prosent vart undersøkte av lege, 10 prosent fekk legekonsultasjon per telefon, og dei siste fem prosentane var anten akuttilfelle som trong ambulanse, eller andre typar oppfølging.

Det var den yngste aldersgruppa som fekk høgast andel telefonråd – 32 prosent av kontaktane. Dei vanlegaste plagene som sjukepleiaren handterte, var feber, magesmerter, hoste, øyreverk og generelle symptom.

– Det var godt å endeleg få tal på noko alle som arbeider i legevakt, har hatt ei kjensle av, seier Midtbø.

Andelen som får sjukepleiarråd, går ned med aukande alder. Det er ein peikepinn på at telefontriageringa skjer på ein trygg måte, meiner Midtbø.

– Dei eldste pasientane har ofte fleire lidingar, og dei kan kome til uttrykk på utypiske måtar. Pasientane kan ha infeksjonar utan feber, hjarteinfarkt utan brystsmerter. Og det er mange fleire ulike grunnar til at dei ringer. At kontakten då ikkje blir avslutta med sjukepleiarråd, men med andre typar oppfølging, tenkjer eg er fint og trygt.

Datamaterialet viser også at fleire innringarar får sjukepleiarråd om natta enn om dagen, utan at ein veit sikkert kvifor.

– Men det kan vere fleire forklaringar, som at andre typar oppfølging er vanskelegare om natta, eller at folk er redde for å vekke legen, seier Midtbø.

Vil helst ha telefonar

Det er eit mål at flest mogleg skal kontakte legevakta på telefon framfor å møte opp personleg. I ein annan delstudie har Midtbø studert kva som skal til for å oppnå dette.

– Om ein ringer eller møter, har mellom anna med kultur og tradisjon å gjere. Spesielt i storbyane er det mange som møter opp direkte. Det medfører ofte uoversiktlege situasjonar, for dei som bemannar telefonen, skal også følgje utviklinga til pasientane på venterommet, og ofte hjelpe legen med pasientoppgåver i tillegg. Det er sjølvsagt heller ikkje bra for pasientane å måtte sitje lenge på venterommet i lag med andre sjuke.

Ein veit også at når nokon først har møtt opp personleg på legevakta, er det mykje større sannsyn for at vedkomande får ein legekonsultasjon, sjølv om det eigentleg ikkje er nødvendig.

– Ved legevakta i Tromsø skjedde om lag 80 prosent av kontaktane ved direkte oppmøte. Det var slik tradisjonen var. Dette ville dei endre på, og eg har undersøkt korleis dei fekk det til, seier Midtbø.

Det synte seg at oppmøtekulturen let seg endre med overraskande enkle middel.

Vivian Midtbø har kartlagt kontaktmønsteret ved utvalde legevaktsentralar. No skal ho finne ut korleis det har endra seg med koronaen.

Legevakta som folkeopplysar

– Dei sette inn annonsar i lokalavisa. Og dei passa på å seie til kvar pasient at neste gong er det fint om du ringer først. Eg tenkte at dette kan då ikkje vere alt, dei må ha gjort noko meir, men nei. Det var nok.

At folk møter opp personleg ved legevakter og akuttmottak, skapar utfordrande situasjonar mange stader, ikkje berre ved norske legevakter. Kan ein få fleire pasientar over på telefontriagering, vil det i mange tilfelle gjere jobben enklare.

– Så det som vart gjort i Tromsø, kan ha stor overføringsverdi.

I det heile er det mykje å vinne på folkeopplysing via legevaktene, trur ho. Det gjeld alt frå informasjon om kva tid og korleis ein bør ta kontakt, til å roe ned redde førstegongsforeldre som treng jamlege forsikringar om at barnets symptom er normale.

– Legevakta er ein «følar» mot samfunnet, for det er dit folk ringer straks noko skjer. Det såg vi då pandemien kom: Så snart retningsliner vart endra, ringde folk til legevaktsentralane for å få informasjon, seier Midtbø.

Stor variasjon under pandemien

I løpet av første veka med nedstenging fekk NKLM på plass eit «koronaoppslag» i legevaktindeksen, som er eit oppslagsverk sjukepleiarane nyttar til å kartleggje pasientens symptombilete og vurdere hastegrad. Samstundes byrja Vakttårn-sentralane å registrere kontaktar som galdt korona, og no skal Midtbø i gong med å analysere dette materialet for å sjå korleis pandemien påverka aktiviteten i legevaktsentralane.

– Det vi veit allereie no, er at det påverka dei veldig ulikt. Nokre kommunar har lete legevakta handtere all koronatesting, til dømes. Andre har organisert eigne koronatelefonar og testsenter, og på den måten skjerma legevakta si, seier ho.

Denne delstudien inngår i eit større prosjekt der NKLM, Universitetet i Bergen, Folkehelseinstituttet og Tromsø legevakt samarbeider om å kartleggje bruken av primærhelsetenestene under pandemien.

– Vi veit at det varierte veldig kor førebudde kommunane var, til dømes om dei hadde ein pandemiplan eller ikkje. Vi veit også at færre kontakta legevakta under pandemien, nokre legevakter fortel at dei har hatt det uvanleg roleg. Og andelen kontaktar på raudt nivå har vore lågare. Det er jo også skummelt. Truleg har nokre pasientar som burde ha kontakta legevakta, ikkje gjort det, kva no grunnen kan vere. Det bør vere mykje å lære av denne hendinga, seier Midtbø.

– Legevakta er ein «følar» mot samfunnet, for det er dit folk ringer straks noko skjer.

Vivian Midtbø

Les også:

Les også