Av Kjetil A. Brottveit
Publisert 6. oktober 2021 kl. 15:06
Olav H. Hauge skreiv om ord som steinar i ei kald elv. «Eg lyt ha fleire steinar skal eg koma yver.» Sjå for deg at du skal arrangere ein fagleg konferanse der alt som høyrer med av rutinar og kutyme – invitasjonar, innlegg og resultat – skal vere omtalte på norsk i staden for engelsk. Ligg dei norske orda støtt nok i straumen til at du og lesarane ikkje dett rett ut i vatnet?
Ole Kristian Våge, som stiller opp aleine denne gongen, får oppdraget med å arrangere ein fiktiv konferanse. Han er tvinga til å føreslå norske termar same kor innarbeidde og velfungerande dei engelske måtte vere. Våge skal òg bedøme kor gode dei norske alternativa er:
– Eg vil bruke fem kriterium til dette. 1. Seier ordet noko om tydingsinnhaldet og er det sjølvforklårande? 2. Er det presist og treffer tydinga ein er ute etter? 3. Er ordet kort nok? Dersom det er for langt, vert det lett å ty til det engelske. 4. Kan ein byggje vidare på ordet, bruke det som ledd i samansette ord innanfor det same temaet? «Hovudinnlegg» kan til dømes utvidast til «hovudinnleggshaldar» på same måte som «key note» kan verte til «key note speaker». 5. At ordet faktisk er i bruk. Eit greitt norsk ord som er i bruk bør få forrang framfor eit nytt og betre, for det skapar unødvendig synonomi.
– Eg ser at tre norske alternativ har vore i bruk eller føreslått.
1. «Innkalling til konferanse». Men innkalling gjev inntrykk av at det er obligatorisk, at ein må møte opp. Og: Skal ein halde innlegg eller vere vanleg deltakar? Framlegget er òg nokså langt, men eg vil ikkje seie det er ei alvorleg lyte sidan det gjeld det engelske òg. Terningkast 2.
2. «Innbyding/invitasjon til konferanse». Dette er høflegare – du MÅ ikkje dra. Men det skurrar at du kan verte avvist: Får du ei anna innbyding, så seier ikkje vertskapet nei etterpå. Det er dessutan ikkje avklåra om du er invitert som deltakar eller innleggshaldar. Terningkast 3.
3. «Rundskriv». Denne termen er amputert og seier ikkje kva det gjeld. Men han er kort, med god gjenbruk av ord. Terningkast 3.
4. «Konferanserundskriv.» Dette presiserer meir kva det gjeld. Det er ikkje fullkome, for det er langt, og det stryk på det siste kriteriet – det er ikkje i bruk. Terningkast 4.
– Ja. Nokre av kriteria er òg nesten gjensidig utelukkande. Det er vanskeleg å vere kort og sjølvforklårande på ein gong.
– Vi måtte hatt ein forklårande tekst under slik at folk skal forstå kva det er. Og «call for papers» i parentes.
– Eg har fire alternativ.
1. «Abstrakt». Det er lite sjølvforklårande, og med tanke på korleis ordet er brukt elles er det noko misvisande. Her er det tale om tekst, elles vert det brukt om resultatet av ein abstraksjon. Det er lite brukt, men ganske kort. Terningkast 2.
2. «Konferanseabstrakt» er òg i bruk. Det er lengre, men har meir meiningsinnhald. Terningkast 3.
3. «Samandrag» er veletablert, godt og presist. Terningkast 5.
4. «Konferansesamandrag» er òg i bruk. Det er lengre, men det vert oppvoge av at det spesifiserer meir. Terningkast 5.
– Her vart det uavgjort! Kva vel du til den fiktive konferansen?
– Eg vil bruke «samandrag» i min konferanse. Ordet står i ein samanheng som gjer at det ikkje vert strengt nødvendig å spesifisere med «konferansesamandrag».
– «Tidsfrist» er godt og veletablert i andre samanhengar òg. Det er verken meir eller mindre presist enn det engelske. Terningkast 4.
«Innsendingsfrist» er meir sjølvforklårande og presist, og er ordet eg ville ha brukt. Terningkast 5.
– Før hovudkonferansen er det stundom eit eige arrangement som kanskje er meir avgrensa i tema og målgruppe: preconference. «Prekonferanse» er mykje i bruk. Det er grått, kjedeleg og traust, men det funkar. Terningkast 3.
Eg sjekka alternativet «førehandskonferanse». Det viser seg at dette vert brukt i handsaming av byggesaker. I konteksten ville folk ha skjønt det, men at ordet er oppteke gjer at vi ikkje er så mottakelege for å bruke det. Terningkast 2.
– Ja, men når det er i bruk i ein annan samanheng, vert det ein terskel. Prekonferanse har òg ein appell i at det liknar på det engelske ordet. Det viser seg at dette er populært.
– Ja. Eg bruker heile skalaen. 6-arane kjem seinare.
Der sa han det. Vi kjem ikkje gjennom alle termane ein konferansehaldar treng på berre ei spalte. To be continued, eller sagt på norsk til terningkast 6: Framhald følgjer.
Kva meiner de om framlegga til Våge? Har de betre alternativ? Eller er det noko anna vi bør ta opp i språkspalta? Skriv gjerne til kjetil.brottveit@forskerforum.no.
Les også: