«Abstract», «Key note speaker», «Call for papers»: Kan norsken strekke til når ein skal arrangere ein konferanse?

Sjå for deg at du skal arrangere ein fagleg konferanse der alt som høyrer med av rutinar og kutyme – invitasjonar, innlegg og resultat – skal vere omtalte på norsk i staden for engelsk.