Arkivverket vil bygge større miljø
LUKK

Arkivverket vil bygge større miljø

Av Johanne Landsverk

Publisert 13. november 2015 kl. 09:25

- Arkivverket vil framleis vere til stades lokalt i regionane, seier riksarkivar Inga Bolstad. Ho forsvarar dei omstridde endringane.

Fakta
<

– I dag er vi ti sjølvstendige einingar under Arkivverket, men no blir vi berre ein etat. Arkivverket vil bli delt inn i tre avdelingar som har ansvar for heile landet, seier riksarkivar Inga Bolstad.

Mange har reagert på at Arkivverket har vedteke å fjerne statsarkiva som eigne institusjonar.

LES ÓG: – Alvorleg å fjerne statsarkiva.

– Alle oppgåvene som statsarkiva gjer i dag skal fortsatt utførast av regionane. Men det blir ingen sjef med spesielt ansvar for ein avgrensa region. Vi bruker ikkje geografi som inndeling på organisasjonsstrukturen.

Ønskjer større miljø

Arkivverket skal ha tre avdelingar: ei avdeling skal jobbe med arkivutvikling, ei skal jobbe med dei verksemdene som skapar arkiv, og ei avdeling skal tene publikum og bruken av arkiva.

LES ÓG: Uro i Akrivverket.

– Dette er ei intern rekonstruering. Vi riggar oss internt slik at vi får meir tydlege ansvarslinjer og større kompetansemiljø i linjeorganisasjonen.  

– Kvifor blir dette betre?

– Vi ønskjer å bygge større miljø med færre leiarar i ein landsdekkande linje, der vi fordeler oppgåvene rundt ikring i landet. Vi må bruke meir ressursar på å digitalisere meir av materialet vårt så det blir tilgjengeleg. Ei avdeling får ansvar for utvikling og forsking, og der skal vi forsterke vekta på forsking i Arkivverket.

– Kuttar de stillingar?

– Nei, men vi vurderer kva kompetanse vi treng når noko blir ledig. Vi har for lite kompetanse på å handtere digitalt skapt materiale.

– Bryt ikkje med lova

To tidlegare riskarkivarar, Ivar Fonnes og John Herstad, skriv i eit lesarinnlegg i Hamar Arbeiderblad at dei er sterkt kritiske til omorganiseringa: «En oppsplitting av statsarkivenes organisasjon og en fjernstyrt  prioritering av oppgaver gir ikke gode utsikter til å ivareta regionenes  interesser på samme profesjonelle måte.»

Dei meiner også at rolla til statsarkiva er forankra i arkivlova, og at ei eventuell avvikling må opp i Stortinget.

Riksarkivar Bolstad avviser dette.

– Vi har sjølvsagt diskutert grundig med juristane i Kulturdepartementet. Omorganiseringa som vi gjer internt, bryt ikkje med arkivlova, seier ho.