Dagen for avviste artiklar
LUKK

Dagen for avviste artiklar

Av Helga Eggebø, forskar 1 ved Nordlandsforskning

Publisert 26. juni 2024 kl. 08:29

Ein kan læra mykje av sine feil, men særleg kjekt synest eg ikkje det er når manusa mine blir avviste, skriv Helga Eggebø.

Det blir sagt at forskarar må læra seg å tola avvising. Søknader blir avslått i stort monn. Artiklar blir avviste av tidsskriftredaksjonar og slakta av fagfellar. Ein kan læra mykje av sine feil, men særleg kjekt synest eg ikkje det er når manusa mine blir avviste.

I haust fekk eg avvist ein artikkel, og fagfellane oppsummerte kritikken på denne måten: «Teksten og innholdet er, etter min mening, ikke nok til at dette er en vitenskapelig artikkel.» Au, au. Ikkje vitskap. Den svei.

Ettersom eg hadde mykje anna og meir motiverande arbeid på gjerelista, let eg den avviste teksten liggja. I løpet av vinteren hadde eg mest gløymt heile greia. Men så fekk Mathias, kollegaen min, også avvist ein artikkel, og det fekk meg til å tenkja på min eigen tekst som inntil vidare låg gravlagd i mappa si. «Skal me ikkje finna ein dag kor me jobbar med dette i lag?» spurde eg. Me sette ein dato og booka eit møterom, og så fort det var gjort, kjendest det mest som om problemet allereie var løyst.

Au, au. Ikkje vitskap. Den svei.

Me bestemte oss for å invitera resten av kollegaene til å bli med: «Har du eit refusert manuskript liggjande i skya? Har du slikka såra, henta trøyst og tenkt at du skal senda inn manuset ein annan stad etter kvart? Men så utsett det heile til fordel for mindre ubehagelege arbeidsoppgåver? Det har i alle fall Mathias og eg! (…) La oss freista med god kaffi, felles arbeidsøkt og trøyst på store møterom.» Mange kollegaer sette pris på initiativet, kjende seg kanskje mindre åleine og fekk seg ein god latter då me signerte invitasjonen med «sjølvutnemnd komité for såra fagleg stoltheit».

Eit par andre møtte opp til dagen for avviste artiklar, men det viktigaste var at me sjølve fekk teke tyren ved horna og kome i gang med det me elles ville utsett. Eg laga eit ark med oversikt over kritikken og ei liste med forslaga frå fagfellane. Mathias fann eit passande tidsskrift, tilpassa teksten og sende inn igjen. Når eg først var komen i gang, greidde eg å setja av nokre fleire timar til revisjonen og sende inn på nytt eg også. Så bra det kan vera å gjera ting i lag!

Tre dagar etter innsending vart artikkelen min avvist av redaksjonen med ei standard grunngjeving om prirotering i tidsskriftet. Eg vart sjølvsagt skuffa då eg såg den karakteristiske e-postmeldinga med «reject» i tittelfeltet. Eg sat heime og skreiv, reiste meg frå stolen og fann fram støvsugaren. Medan eg støvsuga stua, kjende eg grundig etter. Kor vondt var dette på ein skala frå ein til ti? Ikkje særleg, konkluderte eg med. Så fint at dei var så raske med prosessen i alle fall!

No har me begge redigert og sendt inn for tredje gong. Kanskje blir me bedne om revisjon og ny innsending denne gongen? Eller er det duka for ny dag med nye nederlag? Eg trur ikkje det er så mange andre aktuelle tidsskrift, så kanskje blir dette eit av dei manuskripta som finn sin siste kvilestad i Microsoft-skya? Uansett skal eg også ved neste høve arrangera ein felles arbeidsdag for avviste artiklar!

  • Les meir frå Helga Eggebø: