Av Egil Eide, Øyvind Glosvik og Gunn Haraldseid (alle ved Høgskulen på Vestlandet) og Yngve Nordkvelle (Høgskolen i Innlandet)
Publisert 10. oktober 2017 kl. 10:36
Mld.St. 16 (2016–2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning (heretter kalla kvalitetsmeldinga) set fingeren på mange utfordringar. God undervisning er ei av desse. I meldinga vert det til dømes gjort framlegg om å lage meriteringsordningar for demonstrert, god undervisning. Vi vil peike på at Database for høgre utdanning fortel oss at om lag 950 førstelektorar og 150 dosentar i dag arbeider i høgre utdanning. Skjuler meldinga nokre samanhengar og røynsler som kunne vore kasta lys over gjennom større fokus på denne gløymde karrierevegen?
Førstelektorens historie
Det var Universitetet i Oslo (UiO) som i si tid laga stillingskategorien «førstelektor». Ein komité leia av professor Sverre Steen greia tidleg i 1950-åra ut korleis universitetslektorane kunne kvalifisere seg til førstestillingar. Ved UiO vart spørsmålet om opprykk gjennom kvalifisering fremma av Strøm-komiteen. Motstanden frå UiO, skriv Yngve Nilsen i si framifrå historiske bok om Forskerforbundet, var at mange vil «forsømme undervisning og annet instituttarbeid … (2005, s. 79) om dei skulle kvalifisere seg. Forløparen til Forskerforbundet kvitterte med at «andre meriteringer enn rent vitenskapelig produksjon skal tas i betraktning ved opprykk til førstestillinger» (ss.). I dei lokale lønsforhandlingane i 1969 vart førstelektorkategorien ein realitet. Det var stor semje om at dei som forska mykje, og dei som underviste mykje, skulle vere jamstilte.
Universiteta har samla 395 førstelektorar, 543 arbeider i høgskulane.
Ved dei gamle universiteta er likevel førstelektorstillinga med tida blitt ofra. UiO har i dag berre 50 førstelektorar (halvparten på humanistisk fakultet), Universitetet i Bergen har 8, medan NTNU og Universitetet i Tromsø har fått store grupper av førstelektorar som medgift i fusjonar. Universiteta har samla 395 førstelektorar, 543 arbeider i høgskulane.
Ph.d. er ikkje nok
Det er i lys av dette vi må drøfte framlegget om meriteringsordningar for god undervisning. Det er i best fall underleg at kvalifisering til førstelektor ikkje blir trekt inn og vurdert i arbeidet med meldinga. Førstelektorane har jo nettopp fått sin kompetanse gjennom å yte framifrå tenester som lærarar og ved å gjere «… annet instituttarbeid». Amdam og Eide (2010) gjorde for sju år sidan ei undersøking om behov for førstestillingar i sektoren. Dei peika på at berre for å oppfylle dei formelle krava til NOKUT, trong vi nærare 500 nye førstelektorar, særleg i profesjonsutdanningane. NIFUs undersøkingar viser vidare at ph.d.-utdanningane berre fokuserer på forskingssporet, og at dei ikkje strekkjer til som kvalifisering for å handtere den kunnskapsbreidda ein treng i ei kombinert stilling ved universitet og høgskular. Dei er rett og slett ikkje kvalifiserte for dei komplekse rollene som skal fyllast i profesjonsutdanningane.
Pedagogiske kurs
I meldinga vert det tatt for gitt at lektorane er framifrå til å undervise, og at det er førsteamanuensane og professorane som har behov for å vekse og utvikle seg som lærarar i høgre utdanning. Dette byggjer på nokre forsøk NTNU og Universitetet i Tromsø har gjort med meriteringsordninga. Til tross for at det er førsteamanuensane og professorane som er utfordringa, har Kunnskapsdepartementet (KD) likevel ikkje i kvalitetsmeldinga nytta høvet til å greie ut ph.d.-utdanninga med pedagogisk, kvalifiserande kurs, slik det var fremja forslag om til Mjøs-utvalet.
Treng klårare retningsliner
Ein kan få inntrykk av at KD manglar historisk kjennskap til førstelektorstillinga og heller ikkje aksepterer dei krevjande utfordringane stillingskategorien er meint å handtere. Resultatet er at fagre ord om «den andre karrierevegen» foldar seg ut i mange deler av sektoren, medan førstelektorar og dosentar i røyndomen blir oversett, noko kvalitetsmeldinga tydeleg dokumenterer.
Ein kan få inntrykk av at KD manglar historisk kjennskap til førstelektorstillinga.
Dette er ei røyndomsskildring som gjer det naudsynt å ta eit nytt grep om kvalifiseringa til førstelektor – eller kva det skal bli. Dette er likevel ikkje noka ny problemstilling. Sektoren har visst dette lenge. Etter mange utgreiingar – og omkampar – i Universitets- og høgskulerådet (UHR) spurde det såkalla Vøllestad-utvalet i 2012 om det beste ville vere å lage «én ph.d.‐grad for fremtidens behov». UHR svarte kjapt på utfordringa ved å utvide retningslinene sine slik at eit mangesidig kvalifiseringsgrunnlag kunne leggjast til grunn for ph.d.-utdanninga – også erfaringsbasert og med feste i andre delar av arbeidet i akademia: relasjonar til praksisfelt, arbeid med danningsoppgåver og innovasjon, utvikling av utdanning og program. I ei lang rekke andre land har ein etablert profesjonelle doktorgrader, og vi er eigentleg på eit slags spor der, med våre offentlege ph.d.-ar og bedrifts-ph.d.-ar.
Men utnyttar vi dette handlingsrommet godt nok? Med vår tradisjon har vi høve til å leggje førstelektorkvalifiseringa til grunn for kvalifisering av dei mest ambisiøse av dei 3694 som i dag arbeider som universitets- eller høgskulelektorar. Men dei treng klårare retningsliner, støtte til si kvalifisering og eit synleg, legitimerande offentleg rom som ingen har ansvar for å vedlikehalde i dag. Rett nok har forskarskular som PROFRES og NAFOL ytt noko innanfor sine felt, men dette er langt frå nok.
Einsemd og fallhøgde
Langt dei fleste av dei høgskulelektorane som søkjer om førstelektorkvalifisering, gjer det i stor einsemd. Dei beveger seg inn i eit landskap der uvissa er stor, det same er fallhøgda. Dei kan møte eit farvatn der kriteria ofte bli handsama på vilkårleg vis. Dei kan bli vurderte av velkvalifiserte akademikarar, men som skjønar seg lite på kva slags kunnskapstradisjon «refleksjon over undervisning og annet instituttarbeid» byggjer på.
Difor er det naudsynt å skape ein nasjonal FoU-skule for dei som til no har søkt førstelektorkvalifisering. Denne skulen må leie fram til ein ph.d. for «Innovasjon i høgre utdanning». Dette burde kvalitetsmeldinga ha handsama, men gjorde det ikkje. Då får andre gjere det. Spørsmålet vårt er kven som vil ta del i eit slikt føretak?
Les også: