Ei brått frigjerande kappe
LUKK

Doktoravhandling:

Ei brått frigjerande kappe

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 16. november 2022 kl. 13:27

– Termen kappe er kort og kjend og gjev gode assosiasjonar til Harry Potter og Lynvengen, seier Marita Kristiansen.

Eg er uroleg for å skrive berre om ord vi misliker. Dei to språkekspertane er urolege for å likne på dei to grinebitarske kommentatorane i Muppet Show, ein referanse ein truleg må vere ein gamal grinebitar for å ta.

Uansett, eg fann eit ord som eg sjølv likte: kappe – teksten som omgjev enkeltdelane i ei artikkelbasert doktoravhandling. Men eg hadde ei uro på eit høgare nivå enn ekspertane: Eg var livredd for at smaken min var for banal. Så eg kviskra «kappe» fram i ein e-post. Dei svara ikkje, så eg gjekk ut frå at dei lo høgt og falskt seg imellom.

I mellomtida leita eg på internett, der nokon undra seg over om kappa var meint å vere eit samandrag, ei samanstilling eller samanskriving. Men eg tykkjer ikkje desse framlegga er dekkande.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
MARITA KRISTIANSEN er fyrsteamanuensis i terminologi og fagspråk ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.
OLE KRISTIAN VÅGE er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.
Her uttalar dei seg berre på vegner av seg sjølve.

– Kappa er vel på eit anna nivå, noko som omgjev resten, men ikkje dreg det saman?

Kristiansen: Eg er samd. Samandrag finst i mange dokument, og det er ein essens av heile teksten. Kappa er meir omfattande. Og sjølv om du har ei avhandling med artiklar og kappe, må du ha eit samandrag! «Samanbindingsartikkel» er eit mykje tyngre ord, men er òg dekkjande: Ein bind saman arbeidet og presenterer det som noko som er relatert. Artiklane skal vere såpass tett i slekt at ein kan framstille dei som eitt verk.

– Kor kjem denne tydinga av kappe frå?

Kristiansen: Akademia var ikkje fyrst med å bruke kappe som metafor. I termbasen ved Universitetet i Bergen fann eg til dømes korleis det er brukt i maritim sektor. Ei kappe kan vere «liten oppbygning med dør i akterkant til beskyttelse for en nedgang gjennom dekket på små fartøy».

Våge: Kappe som del av doktoravhandling trur eg vi har frå svensk, der «kappa» har vore vanleg lenge. Kappe er anvendeleg som metafor. Grunntydinga er eit klesplagg som omgjev hovuddelen – kroppen. Når ordet er brukt som metafor i akademia, er det teksten som er kroppen. Ifølgje termbasen til det svenske Universitets- og høgskulerådet er kappa «en inledande text som integrerar olika delar i en sammanläggningsavhandling», som svarar til ei artikkelbasert avhandling. Men kvifor akkurat kappe, og ikkje jakke eller kåpe, som òg omgjev kroppen? Uansett passar kappe godt sidan ho er eit kjent klesplagg i den akademiske verda. Settedekanen bruker kappe på disputas …

Kristiansen: … og doktorane har kappe når dei vert promoterte i Håkonshallen. Men grunnen til at det har vorte nettopp kappe, er at metaforen fanst frå før om noko som omgjev, som desse overbygningane på båtar.

– Kjedeleg at dei var fyrst ute på svensk. Men vi tek vel innersvingen på engelsk her? I den grad engelsktalande land har ein tilsvarande sjanger for artikkelbaserte avhandlingar.

Våge: Det har dei – i Storbritannia, USA, Canada og Australia.

Kristiansen: Men på engelsk bruker dei berre omgrep som «introduction» eller «summary chapters». Dei er mindre treffande, for introduksjon eller samandrag har ein jo òg i monografiar. Ei kappe er ei større overbygning.

Våge: Det er så upresist å skrive på engelsk!

Kristiansen: Grunnen til at vi ler no, er at vi ofte får høyre at norsk ikkje er presist nok. Kappe er ein flott term, og etableringa har vore svært vellykka. Både eg og Ole har vore i terminologigruppa til Universitets- og høgskulerådet og har mykje røynsle med at ulike institusjonar utviklar lokale «dialektar». Nokre plassar står ordet i hermeteikn, som tyder på ei viss vegring, at termen ikkje er heilt offisiell enno. Men bruken er òg såpass formalisert at ordet ligg inne i forskriftene for kvar institusjon.

– I Forskerforum har det vore debatt om kriteria for ei kappe. Er termen presis nok?

Våge: Ein fordel med at omgrepet er noko upresist, er at ein kan forme kva ein legg i det, utan å vere for bunden.

– Er vagheita ein fordel for at termen oppnår hegemoni, medan ulempene kjem etter kvart sidan tolkingane er ulike?

Våge: Nja, er det sikkert at kappa skal vere lik i alle disiplinar?

Kristiansen: Nei, ho skal ikkje det. No ser eg på nettsidene til NTNU om tilrådingane for ulike avhandlingsformer. Dei er ikkje dei same for ingeniørvitskap som dei er for arkitektur og design. Vi skriv ulike tekstar på ulike fagområde.

– Men passar alt mangfaldet du skildrar, innanfor ordet kappe?

Kristiansen: Ja, funksjonen er den same. Ein skal binde saman eit sett med artiklar sjølv om dei ser ulike ut, i ulike fag.

– Fagnad for ordet, altså. Men kan den uakademiske omverda skjøne det?

Våge: Kanskje nokon kan tenkje at kappa berre er omslaget på avhandlinga.

– Er det òg ein fare for å vere innforstått og jålete? Dersom eg heldt på med ei kappe og var heime i Valle på haustferie, så hadde eg nok ikkje brukt ordet.

Våge: Er det betre å seie samanbindingsartikkel?

Kristiansen: Eg hadde kanskje sagt at eg arbeider med å sy saman dei ulike artiklane i ei doktoravhandling.

Våge: Du er i det same metaforiske landskapet med klesplagg! Og tekstil har same språklege opphav som tekst.

Kristiansen: Eg tykkjer iallfall at det er frigjerande at ein har ein enkel, kort term som vi kan verte samde om, i staden for tunge uttrykk. Termen kappe er kjend og gjev gode assosiasjonar til Harry Potter og Lynvengen.

  • Les også: