Eit lab-rotteliv
LUKK

Eit lab-rotteliv

Av Kristin Straumsheim Grønli

Publisert 3. desember 2014 kl. 09:26

Rotter og mus skal ha noko av æra for årets norske nobelpris. May-Britt Moser fremjar openheit om dyreforsøk og kjærleik mellom forskarar og forsøksdyr.

eit-lab-rotteliv


May-Britt Moser vann Nobelprisen i fysikk eller medisin saman med mannen sin Edvard. Ho går stadig rundar med seg sjølv om bruken av forsøksdyr. Foto: Friedrun Reinhold

eit-lab-rotteliv


– Vi har ein veterinær i full stilling, og har utarbeidd smertelindring slik at rottene ikkje kjenner smerte i det heile, seier May-Britt Moser. Foto: Geir Mogen/NTNU

eit-lab-rotteliv

Fakta
<

Ei rotte blir fødd ved Moserlaboratoriet i Trondheim. Utdanna dyrepleiarar tek seg av henne, og veterinæren ser innom kvar dag. Etter kvart er ho stor nok til å boltre seg i alle leikene i det digre buret. Ho er frisk, mett og tilfreds.

Frå utsida er vi blitt vande med å sjå ekteparet May-Britt og Edvard Moser kjæle med forsøksdyra sine, også medan dyra har hattar med implanterte elektrodar på hovudet, kopla til lange leidningar som transporterer signal frå rotte- eller musehjernane og over i datamaskiner.

– Dyrelaboratoriet skal vere i ein slik tilstand at vi med stoltheit kan vise det fram kva dag som helst, for eksempel til ein journalist som ringer på, seier May-Britt Moser, nobelprisvinnar og  professor ved Kavliinstituttet eller Senter for nevrale nettverk ved NTNU.

Forskinga ved senteret avslører korleis menneskehjernen fungerer. Kvaliteten på forskingsarbeidet er reflektert i kvaliteten på omsorga for dyra.

– Utan dyra hadde det ikkje blitt nokon nobelpris. Edvard ville sikkert blitt kjernefysikar, og eg kanskje praktiserande psykolog, seier Moser.

Får namn

Kvardagen er i ferd med å endre seg for rotta. Ho er blitt vald ut til eit forsøk. Ho heiter Mai no, og er saman med forskaren sin kvar dag. Ho skal venje seg til å bli handtert meir.

– Eg oppfordrar til å gi dyra namn når dei blir tekne med i eit prosjekt. Enkelte har kommentert at det er fælt gjort, fordi det inneber ein nær relasjon mellom dyr og forskar. Då svarer eg at det er akkurat det eg vil. Eit nært forhold til dyra gir arbeid av beste kvalitet. Dyra blir smartare når dei har det bra, og dei samarbeider meir. Stressa dyr gir dårlege data, seier Moser.

Ein annan effekt av kjenslene for forsøksdyra er at forskarane blir betre til å redusere talet på dyr som blir brukte, blant anna ved at dei får ut så mykje og så gode data som mogeleg frå kvar rotte eller mus. Det blir så vondt når dyra må avlivast til slutt.

Forskarar med ulike prosjekt samarbeider også for å kutte talet på dyr. Data blir lagde ut på nettet, slik at andre i resten av verda kan analysere dei. Simuleringar og modellar kan også brukast til testar før ein må tilbake til dyra.

– Vi spør oss heile tida: Treng vi dyr til dette? seier Moser.

I fjor blei tett på 40 000 rotter og 10 000 mus brukte i forsøk her i landet, ifølgje tal frå årsrapporten til Forsøksdyrutvalet, som godkjenner forsøksdyravdelingar og prosjekt.

– For å kunne forsvare bruken av dyr i forsking er det viktig med spørsmål og svar av høg kvalitet – og mangel på alternative måtar å finne svar på dei viktige spørsmåla på, seier Moser.

Regulering, haldning og kompetanse

– Openheita viser at desse forskarane har tru på det dei driv med og ikkje har noko å skjule, seier Gunnar Gunnarsson i Mattilsynet, som leier sekretariatet for forsøksdyrutvalet. Han er seksjonssjef i Seksjon for tilsyn i region Rogaland og Agder, og trekkjer fram tre faktorar som har innverknad på dyrevelferda i forskingslaboratoria.

– For det første har vi ei forskrift med spesifikke krav for å sikre at dyra har omgivnader som er gode nok. Andre punkt er haldninga til dei som arbeider med forsøksdyr. Kompetansen deira er den tredje faktoren. Kompetanse og haldningar må gå hand i hand, seier han.

[wip4: photo=723660 width=512 align=middle]

Moser fortel at ho kjem frå ein gard og alltid har vore ekstremt glad i dyr. Ho er på vakt mot emosjonell utflating.

– Eg blir frykteleg lei meg når eg oppdagar haldningar som viser at dyra nærmast ikkje blir sett som levande vesen, men som datapunkt, seier professoren.

Moser rekrutterer dyrepleiarar som er glade i dyr, og ho passar på å ha tilstrekkeleg mange av dei så dei ikkje må gå på akkord med seg sjølve og kjenslene for dyra.

– Som ei påminning har dei fått eigne kjæledyr som dei koser med på laboratoriet. Sjølv har vi hatt rotter heime som kjæledyr, fortel ho.

– Modig

Mai har hamna på operasjonsbordet. Ho blir bedøvd med gass, eit morfinliknande stoff, og får lokalbedøving der det skal kome eit lite snitt i huda. På førehand har teknikarar laga hatten – eller overbygningen til dei supertynne elektrodane som blir førte inn i hjernen for å avlytte hjerneceller.

– Vi har ein veterinær i full stilling, og har utarbeidd smertelindring slik at rottene ikkje kjenner smerte i det heile. Vi har ingen toleranse for infeksjonar, seier Moser.

Eg krev at forskaren som eig dyret, avlivar det for å gjere den siste reisa best mogeleg.

Norecopa er ei nasjonal konsensusplattform for å erstatte, redusere og betre dyreforsøk, med mange forskingsinstitusjonar som medlemmar. Adrian Smith er tilsett ved Veterinærinstituttet som sekretær, og tidlegare mangeårig innehavar av eit professorat på helse hjå forsøksdyr ved Noregs veterinærhøgskole.

Han fortel at Norecopa årleg deler ut  ein pris for å heidre forskarar som har jobba for å erstatte, redusere og betre dyreforsøk. Kollegaer av ekteparet Moser nominerte dei til prisen i år.

– Moser & Moser har gjort eit modig val når dei er så opne kring bruken av forsøksdyr. Rett nok har det i media vore mange presentasjonar av ulike avdelingar med forskingsdyr, der lokalt ansvarshavande har stått fram. Det er godt gjort når dei er næraste skyteskiva. Det er trass alt andre sine forsøk dei står fram og omtaler. Blant dei som utfører forsøk, er det større variasjon når det gjeld openheit, seier Smith.

Forskaren må avlive

Med krone og kablar på seg utforskar Mai ein av dei meterstore boksane ved Moserlaboratoriet. Ho svinsar og snusar – i full gang med å bidra til forståinga av korleis stadsansen vår fungerer.

– I førre veke fortalde ein postdokor at han bruker gå inn i boksen sjølv før testane for å sjå omkring på veggar og tak og få ei kjensle av det dyret opplever. Det er eit uttrykk for genuin nyfikne og eit ønske om å forstå dyret. Når sensitiviteten er på det nivået, merkar forskaren dei minste teikna på at noko ikkje er optimalt, seier Moser.

Dagen er komen. Med tungt hjarte ber forskaren Mai inn i ein eigen boks der ho har fått med seg reiret sitt. Ei blanding av oksygen og bedøvande gass gjer at ho sovnar. Etterpå får ho ein overdose.

– Eg krev at forskaren som eig dyret, avlivar det for å gjere den siste reisa best mogeleg, seier Moser.

Sorga i samband med avlivingane blir handtert ulikt, og det er lov å vise kjenslene på laboratoriet. Forskarane bruker kvarandre, og snakkar om det – om at dette er noko som må til når dei først skal utføre slike forsøk. For enkelte har det blitt for tøft å utføre avlivinga.

– Då har dei fått full støtte. I dag er vi veldig flinke til å spørje før vi tilset folk. Vi forklarer i detalj kva det går ut på, og spør om dei er villige til å gjere dette, samtidig som dei skal halde fram med å vere glade i dyr, seier Moser.