Er det mogeleg å arrangere ein konferanse ved hjelp av berre norske ord? Vi rullar terning på norske framlegg.
LUKK

Er det mogeleg å arrangere ein konferanse ved hjelp av berre norske ord? Vi rullar terning på norske framlegg.

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 15. november 2021 kl. 15:08

Sjå for deg at du skal arrangere ein fagleg konferanse der alt som høyrer med av rutinar og kutyme – invitasjonar, innlegg og resultat – skal vere omtalte på norsk i staden for engelsk.

Lovnad om innhald: Vi lever i farleg verd. Pass opp for avløysarkannibalisme.

I førre spalte fekk Ole Kristian Våge denne oppgåva: Klarar han å arrangere ein fiktiv, vitskapleg konferanse ved hjelp av berre norske termar? Kor gode alternativ finn han til dei innarbeidde engelske orda?

Fakta
I språkspalta har vi fast hjelp av to terminologar, som uttalar seg berre på vegner av seg sjølve.

Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.

Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.

Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i spalta? Send framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.

Ole Kristian Våge. Foto: Språkrådet

Etter førebuingane har vi kome fram til sjølve arrangementet. Eg minner om kriteria Våge vil vurdere dei norske orda etter: Er orda sjølvforklårande, presise, korte nok – slik at dei òg er eigna til å byggje ut i samansette ord? Og er dei i bruk alt?

– Ein konferanse med respekt for seg sjølv har ein «key note». Kva skal det heite?

Hovudinnlegg

Terningkast 6

– Dette er ein veldig god norsk avløysar, som er sjølvforklårande: det viktigaste innlegget på konferansen. Ordet er òg ein god del i bruk. Eg slår til med toppkarakter.

Opningsinnlegg

Terningkast 3

– Eg har sett denne termen føreslått, og ein kan fint bruke den. Men stundom kjem ikkje hovudinnlegget fyrst på konferansen, og dermed er «opningsinnlegg» eit ord som ikkje heilt treffer planken.

– Då landar vi på hovudinnlegg. Men kva med personen som held det, key note speaker?

Hovudinnleggshaldar

Terningkast 4

– Tek ein utgangspunkt i hovudinnlegg, kan ein berre byggje på til hovudinnleggshaldar.

– Kva med lengdekriteriet? Det er lovleg langt?

– Ja, ordsamansetninga knakar i ledda. Derfor vert det ikkje terningkast 5.

– Er det likevel beste som finst?

– Ja. Og langt betre enn key note speaker.

– På konferansen legg folk fram papers, ei kortform for conference papers. Kva skal det heite?

Konferansebidrag

Terningkast 3

– «Bidrag» er nokså vagt. Ein kan bidra på ulike måtar, og eg tykkjer ikkje det treffer heilt det ein er ute etter.

Konferanseinnlegg

Terningkast 4

– Her aukar presisjonsnivået. Ei innvending er at eit innlegg like godt kan vere sjølve presentasjonen som teksten.

Konferanseartikkel

Terningkast 5

– Dette er endå meir presist: Det er ein tekst som ein har skrive i tilknyting til konferansen. Ein kan meine at vi treng eit ord som òg kan vise til den munnlege presentasjonen, men i så fall er det engelske paper òg upresist.

– Fint! Men eg orkar ikkje å kome på denne konferansen din om du ikkje har ein «workshop».

– Det er eit svært standhaftig ord! Sjølv om det finst fleire norske alternativ, vert det engelske mykje brukt i og utanfor akademia. Kanskje sidan det er vagt og dermed gjev fleksibilitet? Ordet indikerer at denne delen av arrangementet har meir aktiv deltaking, til dømes gruppediskusjonar. Men stundom vert det ikkje så mykje aktivitet i praksis, og ved å bruke «workshop» opprettheld ein denne vagheita.

– Ein villa vagheit, sidan ein ikkje veit om det vert aktivitet?

– Det kan du godt seie.

Arbeidsseminar

Terningkast 4

– Dette er ein klassisk avløysar, som er ein god del i bruk. Ordet er greitt, men dersom eg skal pirke i det, signaliserer det arbeid, og alle seminar er vel del av arbeidsdagen? Det finst ikkje fritidsseminar.

Gruppearbeid

Terningkast 3

– Det er ei ganske presis skildring dersom det faktisk er tale om gruppearbeid. Men gruppearbeid er kanskje noko studentane mest gjer – workshop brukast vidare. Eg er òg usikker på appellen til ordet.

Verkstad

Terningkast 5

– Eg liker dette langt betre. Det er ei direkte omsetting av workshop som får med seg at deltakinga skal vere aktiv utan å spesifisere korleis. Men somme kan kanskje oppfatta som noko for konkret og knytt til den opphavlege tydinga Ein kan difor leggje til eit forledd, til dømes seminar, og få seminarverkstad.. Ordet er elles ikkje så mykje i bruk som arbeidsseminar.

– Kan verkstad oppnå det same som workshop på engelsk, at vi ikkje ser føre oss til dømes ei smie?

– Ja, det er ein metafor, og med tida kan bindinga til opphavet forsvinne.

– Neste ord er chair.

– Chair er ei kortform for ulike ting, til dømes session chair, den som styrer sesjonen.

– Eg tippar at stol ikkje er blant alternativa dine?

– Det er interessant kor langt frå opphavet orda kan flytte seg. Chair syner til ein særskilt stol som leiaren sat på.

Ordstyrar

Terningkast 6

– Det har vore i bruk lenge og peikar på ein viktig funksjon personen har. Eg ser ingen grunn til å bruke noko anna og vil ikkje nemne andre alternativ. Ved å kaste inn nye avløysarord, kan ein skape forvirring, og dei kan ete av kvarandre i staden for å ete av det engelske. Eg vil kalle det avløysarkannibalisme.

– Nokre av deltakarane stiller kan hende med ein «poster», der ein komprimerer forskingsprosjektet sitt på ein plakat?

Poster

Terningkast 3

– Ordet «poster» står i norske ordbøker slik at den identiske norske ordforma er eitt av alternativa. Det er godt innarbeidd i konferansesamanheng. Når ein høyrer på uttalen, er det ikkje norsk, framleis kopling til engelsk. At ordet finst i ordboka, treng ikkje tyde at det er eit godt ord, men at det har ei bøyingsform som er godkjend.

Forskingsplakat

Terningkast 3

– Eg har sett dette i bruk. Lytet er at ordet er langt og ikkje så etablert.

– Karakteren er den same. Kva vert då framlegget?

– Det handlar om kven ein snakkar til. For berre vitskapleg tilsette er poster greitt. Men det finst konferansar som ikkje er reint akademiske, og dersom ein ynskjer å nå andre samfunnsaktørar, kan ein bruke forskingsplakat.

Les også: