Publisert 10. april 2025 kl. 14:06
Sidan Donald Trump tok over som president i USA i januar, har universitet og høgskular blitt møtt med alt frå trugsmål om kutt i finansiering, til inngrep i den akademiske fridomen, til arrestasjonar og deportasjonar av internasjonale studentar. Førebels har forskingsinstitusjonane i det store og heile gått stille i dørene. Til dømes valde Columbia-universitetet å etterkome ei lang rekkje krav frå Trump-administrasjonen, inkludert å la eitt av institutta setjast under administrasjon. Fleire fagforeiningar har derimot mobilisert til motstand. Ein av dei er American Association of University Professors, ein liten, men aktiv organisasjon som dei siste par vekene har vore involvert i fleire søksmål mot administrasjonen, og i tillegg organisert ein nasjonal protest mot kutt i helseforsking. Visepresident i AAUP, Rotua Lumbantobing, fortel at dei arbeider svært medvite med dette.
– Vi som utgjer leiartrioen i AAUP, Todd Wolfson, Danielle Aubert og eg sjølv, vart valde i juni 2024 på ein visjon om å gjere AAUP til ei foreining som kjempar, som forsvarar og leier høgare utdanningssektor. Vår sektor har vore under åtak lenge før denne administrasjonen tok over. Tidlegare føderale regjeringar og mange delstatsregjeringar har motarbeida forsking og høgare utdanning gjennom budsjettkutt, åtak på fagforeiningar, og forsøk på å kontrollere pensum. Det gjer dei fordi dei ser universitet og høgskular som arnestader for studentaktivisme og for opplæring i kritisk tenking, som dei ikkje likar.
– AAUP står bak fleire søksmål mot Trump-administrasjonen dei siste par vekene. Kva har vore utløysande?
– Når det gjeld søksmål har vi tre eller fire gåande no. Dei handlar om å forsvare vitskapleg tilsette og studentar. Ved Columbia-universitet kansellerte Trump-administrasjonen 400 millionar dollar i finansieringar og truga med å stogge mykje meir. Og universitetet kapitulerte for administrasjonens krav, ikkje eingong for å få pengane tilbake, men berre for å få lov til å forhandle. Dei kunne ha saksøkt, men det gjorde dei ikkje. Det går ut over forsking som publikum, familiar og pasientar over heile landet er avhengig av. Difor leverte vi eit søksmål på vegne av tilsette ved Columbia. Når vi saksøker, skjer det etter at vi har samla historiar frå våre medlemmar og frå studentar som er blitt negativt påverka av eit tiltak. Vi må kunne vise korleis tiltaket skadar forsking og pasientar.
– Kva ser de som dykkar rolle i dagens politiske landskap?
– Vi veit det er ei utfordring at mange akademikarar ikkje ser seg sjølve som arbeidarar. Ein må ha ein grad for å få jobb i denne sektoren, og mange akademikarar har kanskje ei kjensle av at vi er spesielle, at vi har nådd opp i eit meritokratisk system. Men faktum er at dei fleste av våre medlemmar no er mellombels tilsette, med låg løn, ingen jobbsikkerheit og mangel på akademisk fridom. Det er realiteten. Eg trur vi alle kan vere samde om at dei mellombels tilsette ikkje er mindre kvalifiserte enn oss som er så heldige å vere fast tilsette. Det vi av og til gløymer, er at dersom vi ikkje verner dei som er i prekære stillingsforhold, så vil også dei faste jobbane etter kvart forsvinne. Vi må altså endre situasjonen.
– Det andre er at vi veit det finst eit narrativ der ute om at akademikarar er priviligerte og utan kontakt med verkelegheita. Vi snakkar om akademisk fridom og fast tilsetting, og dei fleste utanfor akademia forstår ikkje kva det er snakk om. Med god grunn, for kva har det med deira liv å gjere? Eg trur at desse åtaka vi har sett på eliteinstitusjonane ikkje er tilfeldige. Men mykje av forskinga som skjer her, har hatt effektar for folk flest. Det er noko vi ikkje har gjort ein god nok jobb med å fortelje folk.
– Høgresidas forteljing er at universiteta indoktrinerer dei unge. Men det er jo ikkje sant. Høgare utdanning handlar om å forstå korleis verda fungerer, korleis ein kan tenkje om og delta i demokratiet. Vi veit at biletet er mykje meir nyansert enn det som no dominerer. Så vi har eit stort arbeid framfor oss.
– Korleis prioriterer de i dette arbeidet?
– Vi veit at søksmål ikkje vil løyse alt, sjølv om dei er viktige for i det minste å gjere åtaka mot institusjonane vanskelegare. Men dei er også viktige for å vise at vi kjempar. At det administrasjonen gjer, er ulovleg. Då Trump-administrasjonen stogga pengane til Columbia, oppgav dei til dømes som grunn at Columbia ikkje hadde verna jødiske studentar mot antisemittisme. Det skulle vere eit brot på rasismeparagrafen i brogarrettslova. Men lovverket føreskriv ein tydeleg prosedyre ved brot på diskrimineringsparagrafen. Du kan ikkje berre stogge finansiering eller arrastere folk utan å sikte dei for noko, som vi har sett. Når administrasjonen ikkje følgjer prosedyren, har det ein sterk nedkjølingseffekt som vi alle merkar. Og det er ikkje rett. Vi må altså starte desse søkmåla, men vi må også kjempe ved å vere synlege i gatene. Du veit sikkert at det var ein nasjonal protestdag laurdag 5. mars under slagordet «Hands off!», med hundretusenar av demonstrantar. Det må vi halde fram med. Vi skal ha ein nasjonal demonstrasjon mot kutt i helseforsking. Neste nasjonale protestdag er 17. april, og vi har planar for 1. mai. Vi planlegg saman med andre organisasjonar på tvers av fagforeiningar – ikkje berre dei som arbeider i høgare utdanning, for det som skjer, påverkar alle sektorar.
– Det er utfordrande fordi mange som blir råka av administrasjonens tiltak, er folk som lenge har levd frå lønsslipp til lønsslipp. Det er vanskeleg å kjempe når du er ein prekær økonomisk situasjon. Difor er det så viktig å bygge solidaritet, både mellom tilsette i høgare utdanning og forsking, men også med studentar og med arbeidarar i andre sektorar, som kanskje er meir sårbare.
– Trump-administrasjonen seier også at dei vil effektivisere den offentlege pengebruken. Har ikkje forskings- og høgare utdanningssektor noko å vinne på å bruke pengane på smartare måtar?
– Men det som har skjedd, er at dei har fjerna finansiering som det allereie var gitt tilsagn om. Forskingsmidlar frå National Institutes of Health eller National Science Foundation blir tildelt etter grundige søknadsprosessar, det er ikkje snakk om å dele ut pengar i blinde. Du har sikkert høyrt at NIH bestemte at berre 15 prosent av prosjektmidlar kunne gå til å dekkje indirekte kostander (dette tiltaket er førebels blitt stogga i retten, journ.mrk). Men medisinsk forsking skjer ikkje i eit vakuum. Du må betale for administrativ støtte og for drift og vedlikehald ved laboratoria, og løne postdoktorane og ph.d.-kandidatane som arbeider der. Ein kan ikkje snakke om effektivitet i forsking og utdanning på same måten som til dømes i byråkratiet. Det er mykje prøving og feiling, og i dei fleste akademiske samanhengar er ikkje målet å optimalisere effektiviteten. Narrativet til administrasjonen er at det skjer mykje sløsing og at vi skal rydde opp og bruke pengane betre. Men det er jo ikkje det dei vil. Dei er ikkje interesserte i å få meir forsking for pengane, dei vil tvert imot svekke forskinga og akademia. Vi må gjere ein betre jobb med å tilbakevise desse forteljingane.
– Kva med det lokale arbeidet?
– Vår viktigaste styrke ligg i medlemstalet, så vi rekrutterer aktivt og ber medlemmane våre snakke med uorganiserte i sitt miljø og oppmode dei til å bli med i ei fagforeining, ikkje nødvendigvis AAUP. Vi har om lag 46 000 medlemmar og har fått meir enn 2000 nye dei to siste månadene, som vi er veldig glade for.
– For det andre må vi aktivisere medlemmane, og gje dei trening og kompetanse til å kjempe saman. Sidan i fjor har vi samarbeidd med Labor Center ved Berkeley-universitetet om å tilby nettbaserte kurs i organisasjonsbygging. Det handlar mellom anna om korleis ein kan identifisere folk med leiareigenskapar, korleis ha samtalar med kollegaer, korleis skaffe oversikt over ressursane ein har til rådigheit. Meir enn 500 av medlemmane våre har teke dette kurset. Vi arbeider også med å styrke lokallaga våre ved institusjonar der dei tilsette ikkje har kollektiv forhandlingsrett. I 1980 avgjorde ein høgsterettsdom at faste vitskapleg stillingar ved private institusjonar er å rekne som leiarstillingar, og difor ikkje har kollektiv forhandlingsrett. Om lag tre firedelar av medlemmane våre har kollektiv forhandlingsrett, dei andre ikkje. Kollektiv forhandlingsrett gjev ein infrastruktur for fagforeiningsarbeid, så vi arbeider med å styrke dei som ikkje har det.
– Åtaka på akademia er ikkje unike for USA, vi har sett det same i Russland, Aust-Europa eller Argentina. Kor viktig er internasjonal solidaritet i arbeidet dykkar?
– Det er veldig viktig! Som du seier har dette skjedd, og skjer framleis, i andre land, og vi har mykje å lære frå forskarar som er blitt tvinga til å overleve og organisere seg under autoritært styresett. Vi har samtalar med kollegaer i Canada og treng å få kontakt med akademiske arbeidstakarar i andre land. Eg vonar akademikarar i Noreg og andre stader vil stå saman med oss, snakke med oss og organisere sine eigne protestar. Medlemmane i fagrørsla er ikkje samde om alt, men vi må vere samde om dei viktige tinga. Det er ikkje berre vår sektor som står på spel, men demokratiet.