Farvel språklærar, vi har ChatGPT no!
LUKK
Annonse
Annonse

Kunstig intelligens:

Farvel språklærar, vi har ChatGPT no!

Av Gunvor Sofia Almlie, universitetslektor i teknologi og samfunn, Universitetet i Agder

Publisert 20. juni 2024 kl. 10:50

Med språkmodellane sitt inntog i utdanninga må vi tenke på kva vi ikkje kan overlate til maskinene, meiner Gunvor Sofia Almlie.

Gunvor Sofia Almlie, universitetslektor i teknologi og samfunn, Universitetet i Agder
Skrive (heilt utan å bruke ein einaste språkmodell) av Gunvor Sofia Almlie.

ChatGPT kom enten vi ville ha han eller ikkje. Språklærarar verda over reiv seg i håret, knurra om forbod, fjerna skjermane frå eksamenslokala og fekk elevar og studentar tilbake til penn og papir på eksamen.

Så kom spørsmåla som var meir framtidsretta, spørsmål som sette vår eigen profesjon på prøve. Elevar og studentar treng ikkje å fikle med den vanskelege skrivinga lenger. Tenk så mykje tid dei kan spare på å sleppe å sitje med krøkkete setningar og vanskeleg grammatikk. Språkmodellane kan til og med brukast som skrivementor og til å lære grammatikk. Tida ein sparer, kan ein bruke på å setje seg endå djupare inn i fagstoffet.

Søren, kva skal vi undervisarar brukast til no, då? Eg hadde jo akkurat lært meg korleis setningsledd kunne hoppe så underhaldande fram og tilbake i PowerPoint!

Så i møte med fantastiske språklege verktøy står spørsmålet om kva vi skal brukast til, vi som underviser språk og skriving.

Godt formulert – delvis dumt innhald

Etter stormande diskusjonar om fusk, plagiat og råd om korleis Utdannings-Noreg skulle takle dette nye verktøyet, byrja vi å erfare språkmodellane på godt og vondt. Heimeleksene hadde så god språkflyt. Artiklane var perfekt organiserte, og kor blei det av alle samsvarsfeila i dei engelske femavsnittstekstane?

Artiklane var eigentleg ein sann fryd å lese. Samtidig mangla tekstane erfaringsnære døme. Dei var blasse, generelle og personlegdomslause.

I nokre tilfelle verka forfattaren blotta for fornuftig vurderingsevne. Quisling blei skildra som ein nasjonalhelt, og bruer kollapsar dersom det er fleire enn ti barn som går på dei i løpet av ein dag. Vi merka fort at modellane er gode på formuleringar, men ganske dumme når det kjem til praktisk-fornuftige resonnement og truverdig innhald.

Logikk og argumentasjon

Så kva treng elevar og studentar å lære i møte med ferdigproduserte setningar og avsnitt? Vel, dei treng i alle fall å forstå at Quisling ikkje er ein nasjonalhelt. Dei treng å forstå at det som kjem ut av ei maskin, er meir eller mindre eit tilfeldig resultat av det som blir stappa inn i ho. Og at Open AI ikkje vil fortelje oss kva dei stappa inn i ho. Dei treng å forstå kva som skil ei logisk slutning frå ei feilslutning.

Dei må også forstå korleis det skriftlege språket blir brukt til å produsere kunnskap, fyrst og fremst for forfattaren sjølv. At å kjempe med formuleringar, avsnitt og tekststruktur også handlar om å kjempe med argumentasjon, logikk og kunnskap. Dette mister elevane når dei fôrar ein språkmodell med utvalde stikkord og spørsmål og får tilbake eit velformulert, men generisk svar.

‘Dei må lære seg å prompte’, altså å stille språkmodellen dei riktige spørsmåla, seier mange. Men spør du meg, er dette berre eit sidespor. Du kan bli så god til det at du kan kalle deg ein ‘prompt engineer’, men det utrustar deg ikkje til å vurdere kor god eller riktig ein tekst er. Og det gjer deg verken til eit meir fornuftig menneske eller ein betre skribent.

Så når det kjem til korleis vi skal undervise skriving i ei tid der maskinene skriv betre enn oss, kan det vere på sin plass at vi spør oss kva det er vi eigentleg underviser. Setningsoppbygging, staving og grammatikk er vanlegvis berre skalet av innhaldet i skriveundervisninga både i ungdomsskulen, i vidaregåande og på universitet og høgskule. Eller er det det? Berre skalet? Kanskje har vi lærarar så altfor mange gonger hekta oss opp i stavefeil, dårleg setningsoppbygging og dei engelske samsvarsfeila? Dei lyser jo mot oss i oppgåvene vi vurderer. Dei er lette å oppdage, og dei er til ein viss grad teljelege.

Forklaringar krev fornuft

Målet med skriveundervisninga er jo så mykje, men dei overordna elementa, som tenkeskriving, prosesskriving, logikk i argumentasjonsrekka, informasjonsinnhenting, bias, kjeldebruk og kjeldekritikk har vel alltid vore det endelege målet, har det ikkje det? Eller har vi som vurderer, vore altfor opptekne av grammatikk- og språkfeil?

Spørsmålet om kva som passar godt inn i vurderingsskjemaet når karakteren skal setjast og grunngjevinga skrivast, må kanskje diskuterast. Er det lettare for oss å forklare grammatikkfeil og dårlege formuleringar enn argumentasjonssvikt og tynn kjeldevurdering? Kanskje det til og med for oss som skal vurdere, er vanskelegare å legge merke til argumentasjonssvikt og faktafeil.

Vonar KI kan ta dei kjedelege oppgåvene
Les om KI og administrative jobbar:
Vonar KI kan ta dei kjedelege oppgåvene

Med språkmodellane sitt inntog i utdanninga treng vi å tenke på kva vi meiner det er viktig at det er menneske som gjer – altså kva vi ikkje ønsker å overlate til maskinene. Maskinene kan ikkje fungere som menneskesinnet. Maskinene kan gje oss det mest sannsynlege svaret. Og dei er gode på å kopiere. Men, som Noam Chomsky seier, det menneske kan gjere, er å bruke ei avgrensa mengd informasjon og saman med si fornuft skape forklaringar på korleis verda heng saman.

Har vi råd til å spare?

Det er stor skilnad på det mest sannsynlege svaret, som ein språkmodell leverer, og det svaret ein ungdom kan gje mens ho eller han er i ein læringsprosess.

Arbeidet med å setje saman innlærd kunnskap med si eiga fornuft, sine eigne erfaringar og sin kulturelle ståstad er verdifullt i seg sjølv. Men det er også verdifullt fordi det er i denne prosessen noko nytt kan skapast. Noko som er menneskeskapt, intrikat og unikt. Denne evna må trenast opp. Gjennom å trene skrive- og tenkemusklane våre kan vi menneske skape noko nytt. Det kan ikkje maskinene, uansett kor mykje dei trener. Det er mykje meir mellom 0 og 1, men det er det berre menneske som kan sjå.

Det kan vere vanskeleg å skrive ei karaktergrunngjeving for slike svar, men prosessen er verdifull. Vi trengst nok enno, vi som underviser språk og skriving. Men vi har godt av å ta ein titt på korleis vi underviser, og ikkje minst korleis vi vurderer. Kanskje språkmodellane kan hjelpe til med noko, slik at vi kan fokusere på skriveprosessen i staden for på sluttresultatet? For treninga med skriving er viktig. Dersom vi skal spare tid på jobbing med krøkkete setningar og avsnitt, sparer vi også tid på å forme idear, tileigne oss kunnskap og skape eit bilde av omgjevnadene som er subjektivt og opplevd. Og nytt. Har vi råd til å spare tid på det?

  • Les også: