Av Kjetil A. Brottveit, redaktør
Publisert 30. august 2019 kl. 14:57
Forskerforum takkar Fritt Ord for dei har gjeve oss stønad til ein utvida bokseksjon i haust. Vi melder fyrst og fremst bøker skrivne av forskarar for eit breiare publikum. Meldingane er på same måte retta mot eit oppvakt og intellektuelt, men ikkje fagspesifikt publikum.
Ei styrka bokdekning er med på å byggje opp under ein viktig aktivitet og plikt for forskarar: spreiing av kunnskap, innsikter, perspektiv og meiningar.
Bøkene treng òg Forskerforum. Vi skjelar ikkje til kva andre melder når vi vel ut bøker. Nokre titlar er omtalte andre stader, andre får meldinga hjå oss som den einaste. I ei tid der bokkritikken er truga, ynskjer vi å vere eit korrektiv.
Her kan du lese bokmeldingane frå dette nummeret av Forskerforum:
I opposisjon: Gode tekstar om Marx, men hovudpersonen sjølv står att som lite relevant i dag.
Spor av skeivt gull: Systematisk, grundig og påkrevd gjennomgang av det skeive i norsk historie.
Gøy med store bokstaver: En enkel og klar innføring i hvordan metaforer virker.