Forskar på dei mest sårbare mødrene
LUKK

Forskar på dei mest sårbare mødrene

Av Silje Pileberg

Publisert 24. juni 2024

Khamissa Elmokadem har fått hjelp gjennom eit program for sårbare mødrer. No studerer forskarar korleis hjelpetilbodet verkar.

Khamissa Elmokadem (38) var ei av dei første norske mødrene som fekk hjelp av programmet «Sammen på vei». Ho var 32 år, gravid for første gong og hadde hatt psykiske utfordringar i mange år.

– Eg veit ikkje kvar sonen min og eg ville vore i dag, om det ikkje var for det programmet, seier ho.

I graviditeten hadde ho få å støtte seg på. No fekk ho ein familiesjukepleiar som kom heim til henne kvar veke, og som ho kunne ringje til både dag og kveld. Dei hadde tallause samtalar, og var det noko praktisk ho trong hjelp til, fekk ho det alltid. Oppfølginga varte i to og eit halvt år.

– Eg blir heilt rørt når eg tenkjer på det. Ho vart som ei mamma for meg.

Ein veit lite om dei mest sårbare mødrene

Dei første deltakarane i «Sammen på vei» vart rekrutterte i 2016. Då ønskte regjeringa å utgreie «Nurse-Family Partnership» i Noreg, eit program som vart utvikla i USA på 1970-talet, den gongen med tenåringsmødrer som målgruppe.

Prosjektleiar Eirin Pedersen ringjer sjølv til alle studiedeltakarane. Ho vil gje dei ei kjensle av at dei er viktige, og oppmode dei til å bli med så lenge som mogleg. Foto: Erik Norrud

Feltrapport

Forskar: Eirin Pedersen

Prosjekt: undersøkje behova til sårbare mødrer og barn

Metode: randomisert kontrollert studie

Uunnverleg verktøy: sjølvlaga PowerPoint-presentasjon

Etter fleire fasar, mellom anna ein pilotstudie, starta Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) ved OsloMet i 2023 ein større studie. Viss forskarane finn at tiltaket verkar betre enn andre hjelpetilbod, kan det bli implementert i heile Noreg.

Første del av studien varer i fire år, og sidan skal mødrene og barna følgjast vidare. Slik vil ein få kunnskap både om programmet og om ei gruppe som ein veit lite om frå før.

– Vi veit lite om dei mest sårbare mødrene i Noreg. Vi manglar kunnskap både om kor mange dei er, kva utfordringar dei har, kva hjelp dei treng, og korleis det går med dei og barna deira, seier forskar og prosjektleiar Eirin Pedersen ved AFI.

Erfaringane frå pilotstudien var at tiltaket trengst i Noreg, og at det har god effekt. Totalt åtti familiar vart då følgde opp av fem familiesjukepleiarar. Studien var ikkje randomisert, men sjukepleiarane fekk høyre at dei hadde førebygd to omsorgsovertakingar, altså flytting av barnet til fosterheim eller barnevernsinstitusjon.

– Om det stemmer, vart heile tiltaket spart inn berre på grunn av desse to tilfella.

Også fedrar kan bli med i«Sammen på vei»

Hovudmålet i «Sammen på vei» er å styrkje førstegongsmødrer i omsorgsrolla. Dei skal også ha ein god stad å bu og ei trygg inntekt. Mødrene får dessutan hjelp til å betre relasjonar i livet sitt, og programmet skal førebyggje vald.

Kva så med fedrane? Hos familiane som var med i programmet i USA på 1970-talet, var far ofte ikkje ein sentral omsorgsperson. I den norske utgåva er dei meir involverte, fortel Pedersen.

– Men når vi måler utfall, er det mødrer og barn vi trur har fått mest oppfølging, og det er der sjansen er størst for å finne effektar.

Effektstudien av «Sammen på vei»

  • rettar seg mot sårbare førstegongsfødande
  • blir gjennomført i 35 norske kommunar frå 2023 til 2027
  • skal omfatte 600–700 kvinner
  • følgjer familiane frå mor er gravid, til barnet er to år
  • vil ha vidare oppfølgingsstudiar fram til barna er 17 år
  • skal kartleggje eksisterande tilbod, samle kunnskap om støttebehovet og finne ut om nokre tilbod er meir nyttige enn andre

Kjelde: Nettsidene til prosjektet

Fedrar med foreldrerett må samtykkje til at barna er med i studien. Dei kan òg samtykkje på eigne vegner. Då vil dei få tilsendt to spørjeskjema om korleis det går med dei.

– I dei tilfella der fedrane er saman med mor og engasjerte i barnet, blir dei fleste sterkt involverte.

Ein kald dag møter vi Eirin Pedersen på Frogner i Oslo, der ho og familiesjukepleiar Gunhild Lien skal i møte med jordmødrene i bydelen. Det er nemleg jordmødrer som rekrutterer dei fleste studiedeltakarane.

Men ein del av desse opplevde det enklare å vise kvinnene til eit hjelpetilbod, slik dei kunne før, enn å rekruttere dei til ein studie, slik dei må i dag.

– Det har roa seg litt, men mange har vore skeptiske til å randomisere dei mest sårbare. Dei har meint at det er direkte uetisk å ha eit tiltak ein trur på, finne ein deltakar som det passar for, og så ikkje gje henne det.

Samtidig: Ein kunne også kalle det uetisk å tilby ei sårbar gruppe eit uprøvd tiltak, påpeikar Pedersen.

– «Sammen på vei» er kostbart og omfattande. Tida og midlane ein investerer, må gje nytte.

«Heile verda bur på Frogner»

Inne i varmen på helsestasjonen fortel Pedersen og Lien jordmorteamet at rekrutteringa går sakte. Kan det vere fordi dei som rekrutterer, tenkjer for snevert?

Kvinnene, som blir rekrutterte i svangerskapet, må oppfylle minst to av ti kriterium som indikerer auka sårbarheit. Sidan kriteria er ulike, er gruppa samansett. Forskarane har rekna ut at rundt 3,7 prosent av norske førstegongsfødande kvalifiserer til programmet.

– I pilotstudien rekrutterte vi 2 prosent av dei førstegongsfødande i Rogaland og 4 prosent i Oslo. På Frogner er det kanskje færre? spør Pedersen jordmødrene.

– Absolutt ikkje. Heile verda bur på Frogner, svarer ei av dei.

Mange er involverte når «Sammen på vei» skal vurderast. familiesjukepleiar Gunhild Lien (bak t.v.) og forskar Eirin Pedersen (stripete genser) samtalar her med tilsette i jordmortenesta i bydel Frogner. Foto: Erik Norrud

Dei som ikkje blir trekte ut til «Sammen på vei», får ein gåvepose med velværeprodukt. Dette blir ofte godt motteke, ifølgje Pedersen.

– Opplevinga av å få noko fysisk trur vi kan gjere skuffelsen litt mindre.

I tillegg får dei informasjon om relevante tenester og tilbod, og dei blir sett – kanskje meir enn dei elles ville blitt, forklarer ho.

– Desse kvinnene vil nok få litt meir enn mange andre. Dei kan få absolutt alt som er mogleg å tilby dei, alle tilbod kommunen har. Det er ei utfordring for studien, men bra for dei, seier ho til jordmødrene.

«Du må ha flaks»

Khamissa Elmokadem er i dag erfaringskonsulent i «Sammen på vei». Rett som det er, set ho seg ned saman med andre involverte – jordmødrer, familiesjukepleiarar, fastlegar, barnevernet, Nav og så vidare – og snakkar om kva ho har opplevd, kva ho tenkjer kan betrast, eller korleis ein kan få mødrene med. Når ho stiller til intervju, er det fordi ho ønskjer at fleire mødrer skal få hjelp. Sjølv tipsar ho gjerne gravide ho møter, om tiltaket.

– Men medan eg sjølv var heldig og berre fekk det, må du no ha flaks og bli trekt ut. Det synest eg ikkje er så greitt. Eg veit jo at det funkar.

Effekten har også blitt dokumentert i fleire andre land, påpeikar ho. Likevel ser ho at forskinga har ein verdi.

– I Noreg lever vi på vår måte, med våre eigne hjelpetilbod. Så eg forstår at ein vil forske på det før ein brukar mykje pengar. Men håpet mitt er at dette om fem år blir eit tiltak som alle dei som ønskjer det, kan få.  

Ei vriding i velferdsforskinga

Også Eirin Pedersen har trua på «Sammen på vei». I programmet blir mora og barnet sett som ein heilskap, meiner ho.

– I tillegg trur eg det betyr mykje at familiane får besøk heime. Når ein får sitt første barn, er ein del i ein prekær situasjon, og sårbarheita blir ikkje nødvendigvis mindre om du kjem til ein helsestasjon.

Effektstudien inngår i ei vriding innanfor velferdsforskinga, der ein undersøkjer verdien av ei heilskapleg tilnærming. For det er ingen vits i å drive foreldrerettleiing når folk manglar ein stad å bu eller har psykiske vanskar, meiner Pedersen.

Forskarane reknar med at rundt 3,7 prosent av norske førstegongsfødande høyrer til den mest sårbare gruppa. Foto: Erik Norrud

At ho sjølv heiar på tiltaket, har fleire fordelar enn ulemper, ifølgje prosjektleiaren.

– Dette er eit tiltak der vi må jobbe tett med dei som tilbyr det. Vi skal jobbe hardt i mange år med evalueringa. Skulle vi lent oss tilbake og vore heilt likegyldige, ville det vore vanskeleg.

Datasettet vil dessutan bli analysert av ein statistikar ved eit anna institutt, som ikkje vil ane kven av deltakarane som har vore med i programmet, understrekar ho.

– Uansett kor engasjerte vi måtte vere, gjer vi inga subjektiv evaluering. Dette er harde data.

Mødrene ønskjer å hjelpe

Utfordringane ved å forske på ei sårbar og uutforska gruppe er mange, ifølgje prosjektleiaren. For det første er forskarane forplikta gjennom helseforskingslova til å leggje til rette for at dei som ikkje blir trekte ut til tiltaket, får den hjelpa dei treng. Dette omsynet veg tungt, sjølv om det kan svekkje studieresultata.

Å få godkjenning frå etisk komité tok lang tid. Derifrå kom kravet om at fedrar med foreldrerett må samtykkje, noko som i enkelte tilfelle kan vere farleg for mødrene, ifølgje Pedersen.

I tillegg ventar ho seg lågare svarprosent og større fråfall enn i andre studiar. Mødrene flyttar oftare enn andre, dei byter oftare telefonnummer, og mange er skeptiske til å opne for innsyn i registerdataa sine, sjølv om alt er anonymt.

Men Eirin Pedersen og kollegaene er djupt engasjerte.

– Sjølv om studien er krevjande, er det også veldig gøy. Mange flinke folk er involverte, og det er moro for ein forskar å få jobbe heilt ute i førstelinja, seier ho.

Samtidig ser forskarane at mødrene som er med, gjer det fordi dei ønskjer å hjelpe andre i same situasjon.

– Med deira hjelp håper vi å få fram ny kunnskap som kan vere med og betre dei tenestene vi har i dag.