Av Gjesteskribent Helga Eggebø, forskar 1 ved Nordlandsforskning
Publisert 16. desember 2024 kl. 12:36
Eg har ofte tenkt at eg skal skriva noko som er strategisk lurt. Ein vitskapeleg artikkel i eit topptidsskrift som skal gjera meg til ein mykje sitert ekspert på eit viktig område. Eg har mange gonger planlagt å skriva ein bloggtekst som det verkeleg svingar av, og som kjem til å gå viralt.
Men eg har aldri opplevd at desse «strategiske» tekstane blir siterte eller delte opp og ned og i mente. Dei tekstane eg har skrive for å vera smart og bli kjend, har fått skuffande lite respons.
For nokre år sidan hadde eg bestemt meg for å skriva ein ambisiøs engelskspråkleg artikkel om aldring og omsorg, og sikta mot eit topptidsskrift. Det vart ein langtekkeleg og lite lystprega prosess som inkluderte to avvisingar før eg til slutt fekk teksten publisert i eit tidsskrift langt nede på lista. Fem år seinare er det ikkje særleg mange som verken har sitert eller lese artikkelen.
For eit par år sidan skreiv eg bloggen «Kjenner ho deg att?» Eg hadde to lesarar i tankane: Ann Rita og Mariann som arbeider i den kommunale eldreomsorga. Eg ville formidla ein fagartikkel om demens som hadde fått meg til å gråta på kontoret.
Same veke vart bloggen plukka opp av debattredaksjonen i Bergens Tidende, og etter eit par dagar hadde over 50 000 personar lese kronikken. Fleire har kontakta meg direkte og fortalt at dei har blitt djupt rørte av teksten.
Første gongen eg prøvde ut kollektiv kvalitativ analyse med kollegaer, hadde eg ingen som helst plan om at dette skulle bli noko meir enn ein praktisk måte å koma i gang med analysen i prosjektet «Skeiv på bygda» på. Men workshop-en viste seg å bli både morosam og nyttig, så me tok ein ny runde i det neste forskingsprosjektet.
Etter å ha prøvd kollektiv analyse i to rundar hadde eg lyst til å formidla erfaringane våre. Det kunne jo slumpa til å vera nyttig for fleire? Eg hadde lyst til å skriva på nynorsk – hjartespråket mitt. Men kanskje burde eg heller skriva noko meir strategisk med tanke på opprykk?
Eg tok ein telefon til min gode ven Susanne og lufta tankane. «Det er sikkert ikkje særleg strategisk å skriva ein praktisk orientert og lite teoretisk tekst på norsk. Dessutan har eg mine tvil om at sosiologane vil publisera det», sa eg.
Susanne gav meg full støtte i å skriva etter lystprinsippet. Nivå 2-tidsskrift på engelsk er sikkert strategisk og bra for karrieren. Men ein artikkel om kollektiv kvalitativ analyse verkar nyttig, meinte ho.
Eg kosa meg då eg skreiv den teksten. Engasjementet og formidlingslysta flamma i kroppen, så det gjekk fort å skriva dette manuset. Fagfellane syntest det var ein uvanleg personleg og ikkje akkurat tradisjonell vitskapeleg artikkel, men dei likte han likevel.
«Kollektiv kvalitativ analyse» (2020) ligg stadig på mest leste-lista til tidsskriftet, i motsetnad til det meste anna eg har skrive som blir sitert litt her og der. Eg skriv ikkje kioskveltarar, men har ein liten lesarkrins av særskilt interesserte som har moro og nytte av det eg skriv.
Eg skriv ikkje strategisk lenger, særleg ikkje etter at eg rykte opp til forskar 1. Det er sjølvsagt ein del ting eg må skriva som ein del av jobben, men når eg har eit val, så vel eg det eg har mest lyst til. Eg skriv det eg har å melda, eg skriv mest mogleg på nynorsk og tøyer sjangergrensene så ofte eg kan. Innimellom blir det skikkeleg bra tekst som fleire har nytte og glede av.
Les meir: