Publisert 3. mars 2025 kl. 13:32
Det fanst ein gong ein stad på internett eit land av mjølk og honning der alle kjende namnet ditt og alltid vart glade når du dukka opp. Der du kunne gå mellom borda, høyre på diskusjonar mellom politikarar, forskarar og mediefolk, få tips om interessant lesestoff éin stad, om aktuelle arrangement ein annan, og var du i humør, kunne du slå deg ned og blande deg i samtalen kvar som helst. Landet heitte Twitter.
Så kom Elon Musk og i hans kjølvatn trollerobotar, hatprat, kjendisstatus-mot-betaling, og desimering av moderasjon og faktasjekk. Sidan har mange akademikarar vore på leit etter grønare gras andre stader.
– Det kjennest litt som det gamle Twitter, seier Daniel Quintana, førsteamanuensis ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo, om plattforma Bluesky.
Dei siste månadane, og særleg etter det amerikanske presidentvalet i november 2024, har stadig fleire samla seg om Bluesky, som mellom anna har den fordelen at ho ser til forveksling ut som Twitter gjorde, og fungerer på nesten nøyaktig same måten.
Quintana har framleis ein konto på X, som Twitter no heiter, men har ikkje brukt han på lenge.
– Twitter var lenge ein fantastisk karriereressurs. Ein kunne møte andre forskarar, dele arbeid, og oppi alt saman var det eit element av fun, seier Quintana på klingande australsk.
– Men særleg det siste året er det blitt mindre nyttig og mindre fun. Algoritmen var frustrerande, dei innlegga som skapte mest engasjement og sinne, vart forsterka. Bluesky har fleire verktøy som let deg styre kva du ser i tidslinja di. Du har meir kontroll, større brukarvenlegheit.
Kva finn forskarar på Bluesky? Er det først og fremst ein vibe, ein nostalgisk retur til godkjensla frå dei første Twitter-åra? Eller må den ideelle plattforma oppfylle eit heilt spesifikt sett med kriterium for å fungere optimalt i karrierebyggingas teneste?
Quintana meiner det er uvurderleg å ha ein stad der ein kan dele forskinga ope med både kollegaer og andre interesserte og bli oppdatert på dei nyaste studiane og metodane.
– Eg trur desse plattformene er veldig viktige som akademisk infrastruktur. Tradisjonelt er det publisering som er måten å få ut forsking på, men det tek lang tid, og forskinga kan bli liggande utilgjengeleg bak betalingsmur. Twitter, og no Bluesky, er ein god måte å fortelje om forskinga på. Og ein kan møte andre forskarar ein elles ikkje ville møtt, seier han.
Siri Gloppen, professor i statsvitskap og dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen, har også landa på Bluesky etter ein periode med relativ heimløyse på internett.
– Eg ser folk uttrykke ein del nostalgi for Twitter på Bluesky, seier ho.
– Førebels har eg ikkje vore veldig aktiv sjølv, eg har først og fremst skaffa meg nettverk. Men inntrykket mitt er at det skal mykje til før eit innlegg når veldig langt ut. Samstundes har Bluesky litt av den positive energien, det er meir samtalar der enn det var på Twitter mot slutten.
Gloppen har vore akademikar på internett så lenge at ho kan dra linjene tilbake til starten av Facebook-æraen.
– I starten fylte Facebook mange ulike funksjonar: intellektuell debatt, informasjon om felles interesser, om ting ein hadde lese, om arrangement og kurs – i tillegg til det private. Ein kunne nå både kollegaer, studentar og allmenta, seier ho.
Etter kvart mista Facebook litt av denne dynamikken, medan Twitter tok over.
– Der kunne du følgje folk som posta om ting du var spesielt interessert i, og du kunne følgje og diskutere med interessante meiningsberande personar nasjonalt og internasjonalt. Ein fekk input og bygde meiningar. Det trur eg var noko som gjorde at mange brukte veldig mykje tid på Twitter, seier ho.
Også zoolog Bastian Fromm, som leier ei forskingsgruppe for biosystematikk ved UiT Noregs arktiske universitet, er på plass på Bluesky med kontoen sin, The Fromm Lab. Fromm har fortalt om frustrasjonen sin over Twitter og jakta på det ideelle sosiale mediet i Forskerforum tidlegare. Han prøvde seg først hos Twitter-konkurrenten Mastodon, ei teneste som er bygd opp som eit nettverk av mange ulike serverar som snakkar med kvarandre, og som er basert på folkefinansiering. Det gjer tenesta trygg mot milliardær-oppkjøp, noko som tiltala Fromm.
Problemet var berre at han ikkje fekk med seg nettverket sitt dit. Det er eit kjent dilemma ved sosiale medium: Fordi det er nettverket ditt som er grunnen til å vere på ei bestemt plattform, skal det veldig mykje til å hoppe av og gå til ein ny stad dersom ikkje alle dei andre også gjer det. Dermed blir ein på sett og vis halden som gissel av venene sine på ei plattform ein helst ville ha flytta frå.
– Vi har framleis ein konto på Mastodon, men det vart ikkje noka stor utvandring av forskarar dit. Vi laga ein konto på Bluesky samstundes, og der var det heller ikkje så mykje aktivitet. Men no etter det amerikanske presidentvalet og det vi har sett av politisk spel frå Elon Musk, er det brått blitt mykje meir aktivitet på Bluesky, seier han og siktar til Musks økonomiske og politiske støtte til Donald Trump.
Dermed har Fromm endeleg kunna slette kontoen sin på X, som han har hatt planar om lenge. Sjølv om nettverket hans på Bluesky framleis er mykje mindre enn det han hadde på Twitter i glansdagane, så er det blitt stort nok til at det fungerer, meiner han.
– I dei gylne Twitter-åra var det utenkjeleg å slette kontoen nokon gong, plattforma var så utruleg viktig, seier han.
– Ein fekk høyre om artiklar og konferansar, og eg rekrutterte stipendiatane mine via Twitter. Det var eit stort globalt forskarfellesskap som diskuterte problemstillingar i forsking, arrangement, artiklar og rekruttering. Men det var også spesialiserte fellesskap. Nokre aspekt ved forskinga vår er det berre nokre titals personar som jobbar med i heile verda, og då er det bra å vere tilkopla dei. Ingen andre former for sosiale medium fyller akkurat den funksjonen.
Også Gloppen prøvde seg først på Mastodon då Twitter byrja utvikle seg til ein stad ho ikkje hadde lyst til å vere.
– Men det var tungvint og fragmentert, det var vanskeleg å finne folk. Det er ein heilt annan dynamikk over Bluesky enn det var på Mastodon, det er meir likt Twitter, så kanskje det kan fungere, spekulerer ho.
Kva er dei viktigaste krava dine til eit sosialt medium?
Daniel Quintana:
Bastian Fromm:
Siri Gloppen:
Men alle tre er forsiktige med å putte alle egga i same korg. Dei nyttar til dømes også karrierenettverket LinkedIn, men til litt andre føremål enn Bluesky.
– Det kan vere ein god stad å snakke med andre forskarar, men ein når ikkje lekfolk på same måten, seier Quintana.
Han kursar av og til kollegaer i å bruke sosiale medium, og merkar seg at forskarar no prøver seg fram med ulike ting.
– Nokre kollegaer har starta nyhendebrev. Det kan kanskje ikkje heilt kallast eit sosialt medium, men er ein måte å spreie arbeidet sitt på i tillegg til å publisere vitskaplege artiklar. Eller podkast, det har eg sjølv hatt i nesten ti år. Eg har stort utbyte av å møte og intervjue andre forskarar og dele idear, seier han.
Tida vil vise om Bluesky er den elyseiske sletta Twitter-migrantane vonar. Kanskje er ein konsekvens av endringane på Twitter snarare at folk blir forsiktige med å leggje for mykje av sjela i sosiale medium.
– Eg trur det er eit sterkt ønske om plattformer som er mindre styrte av kommersielle omsyn. Om ein greier å få det til, er eg meir usikker på, seier Gloppen.
– Men eg trur også mange er blitt meir medvitne om kor mykje tid dei bruker på sosiale medium, og prøver å sette grenser.
Kanskje er den optimistiske gullalderen for sosiale medium forbi, etter kvart som vi har oppdaga kostnadane ved dei, funderer ho.
– Og kanskje er det også ei kjensle av at ting kan fungere ei stund, men før eller seinare vil dei bli øydelagde av kommersielle interesser – du kan ikkje rekne med at det varer. Det vil bli interessant å sjå om flukta frå Twitter blir følgd av ei tilsvarande flukt frå Facebook og Instagram. Kanskje er vi i ferd med å oppdage at vi ikkje er så avhengige av sosiale medium som vi trudde.