Publisert 13. februar 2025 kl. 12:25
Skriving, altså. Ein metafor eg iallfall trur eg har laga sjølv, er slik: Du har eit stoff,
eit innhald, du vil ha fram, og for deg er det rundt. No skal du gje det ei form som er forståeleg for andre, og sjå for deg den vanlege teksten: rektangulær. Å, for eit strev å finne forma. Ein mistar noko når rundingen skal verte eit rektangel, men ei viss tilpassing er nødvendig. Fagfellane, og i beste fall ein del av omverda, skal kunne forstå og byggje vidare på det du skriv. Dersom fagtradisjonen er eit byggesett av rektangel, passar den runde teksten din dårleg inn. På den andre sida: Er den gamle kunnskapen, som du skal byggje vidare på, så uttømmande og djup som mogeleg? Her har tusenvis av forskarar før deg pressa det runde materialet sitt inn i ei rektangulær form. Borte er dei runde kantane, og inn har det kome vinklar. Om lag så vanskeleg er det å kommunisere og å få kunnskap til å vekse.
Eg kan peike på to tendensar i akademisk skriving dei siste åra, og for dei båe gjeld at standardane i naturvitskap har spreidd seg til humaniora og samfunnsvitskap. Eg presiserer fyrst som sist at eg ikkje her går til noko åtak på naturvitskap, men problematiserer forskuvingane i skrive- og publiseringsskikk:
For det fyrste har IMRaD-modellen (introduksjon, metode, resultat og diskusjon) for artiklar vorte ein mal i mange fag og tidsskrift. For det andre har nettopp artikkelforma vunne terreng på kostnad av andre
sjangrar, som monografien. Ein stor del av ph.d.-avhandlingar i dag er bygd opp av artiklar. Ei drivkraft her har vore teljekantsystemet som nok mange har røynt at gav betre utteljing for å skrive korttekstar enn bøker.
Då eg studerte historie, var det mange som prenta inn i meg at Jens Arup Seip er ein stor stilist. Kor mange forskarar i dag er det som har eit renommé ikkje berre for kva dei har funne, men òg for den glitrande forma dei har presentert funna i? Når forskingssamfunnet skal definere om eit prosjekt er (støtte-) verdig, er kvalitet og relevans dei vanlege kriteria. Men har tekstleg kvalitet relevans?
Noreg har mange forskarar som tek formidlingsoppdraget alvorleg og skriv faglege bøker for eit breiare publikum. Bokmeldingane her i bladet er dominert av slike utgivingar. Men korleis er speleromet og respekten for stilmedvitne tekstar i akademiske sjangrar? Ein bokmeldar her i bladet hadde ein
gong ei innvending mot at ei fagbok var for lite formidlande. Du kan ikkje bruke det som argument, sa eg, etter å ha granska boka nærare, for boka gav seg ikkje ut for å vere tilpassa eit breiare publikum. Eg forstår det, sa meldaren, men ein treng ikkje skrive kjedeleg for fagfellesskapet heller.
Også her i Forskerforum står vi på skuldrene av tidlegare arbeid, stundom våre eigne artiklar. Eg vil trekkje fram eit intervju med sakprosaprofessor Anders Johansen i nr. 6/24. Han kalla mykje av den akademiske skrivinga for formelprodusert, med teoridel, metodekapittel, og oppramsing av funn: «Mykje er rituell knebøying, ikkje ei verkeleg mobilisering av intellektuelle ressursar for å kaste lys over ei sak.» Han meinte at det er mykje som ikkje let seg gripe av det konvensjonelle fagspråket, at fagomgrep er tankereiskapar, men ikkje alltid «dei skarpaste reiskapane.» Johansen knyter skriving og erkjenning tett saman: «Det er ikkje slik at vi først finn ut noko og så skriv det ned. Når vi famlar etter orda, er det ein måte å presse fram forståing på.»
Fridomen i å presse og utvide sjangrar kan òg kome på avvegar. Sjølv er eg allergisk mot ein del frisk skriving som vippar over i noko sjølvoppteke og buldrande. Disiplinar kanvere disiplinerande. IMRaD har noko å tilby som er vanskeleg å erstatte. I hovudsaka i dette nummeret (side 12) får tre svært tekstmedvitne forskarar kome til orde om akademisk skriving. Eg trur dei har sams at dei finn betre vekstvilkår for tanken når dei utfordrar sjangerkrava.
Kva tykkjer de, skrivande lesarar? Vi har spalteplass å freiste med for kronikkar og innlegg, både i nett- papirutgåva. Så kom igjen. Rasle med pennane.