Publisert 16. juni 2021 kl. 15:38
Nyleg fekk Forskerforum inn ein reaksjon på denne tittelen på nettsaka med tittelen: «Foreslår store endringer for stillingene i akademia». Lesaren venta seg å kunne lese om stillingane i instituttsektoren, men her stod det berre om universitet og høgskular (UH-sektoren). Tidlegare har eg vorte stramma opp for å ha brukt ordet om meir enn UH-sektoren, så kva skal ein gjere? Eg er redd.
I Det Norske Akademis ordbok er akademia oppført med ei brei og ei smal tyding, enten «den akademiske verden» eller «universitets- (og høyskole)miljøene». Tilsvarande kan «akademikar» vere «person som studerer eller har studert ved et universitet eller en høyskole» eller «person i akademisk yrke».
Opphavet til orda er å finne i den greske antikken og ordet akademi. Men når ordet får ein a etter seg, har vi det frå engelsk, fortel terminologane:
Kristiansen: «Academia» er ein engelsk parallell. Den norske bruken av akademia har nok opphav i ei anglifiseringsbylgje og er rekna som eit nyord. Akademia kom ikkje inn i nynorskordboka før i 2018, medan akademikar kom inn i 2013. I bokmålsordboka kom orda inn nokre år før.
Kristiansen: Opphavleg er nok universiteta, og til dels høgskulane, den typiske tydinga. No er akademia òg ei samlenemning for UH- og instituttsektoren. Som ordboksredaktør for bokmåls- og nynorskordboka har eg tilgang til korpus, altså søkbare tekstsamlingar frå blant anna aviser og skjønnlitteratur. Eg ser at ordet ofte er brukt nokså breitt, om ein sektor versus andre sektorar eller samfunnsområde, til dømes næringsliv, politikk og kultur.
Våge: Dette er grove kategoriar. Det kan tyde på at vi treng ei sekkenemning som omfattar både UH- og instituttsektoren.
Kristiansen: Å seie akademia i staden for UH- og instituttsektoren er ein effektiv måte å kommunisere på. Til dømes har Nifu laga rapporten «Karriere og arbeidsvilkår i akademia». Det hadde vore langt og krøkkete å kalle det «i universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren».
Våge: Akademia og akademikar er dessutan ord ein lettare kan byggje på i samansette ord.
Våge: Nei, særleg ikkje i juridiske eller andre faglege samanhengar. Men i meir allmenne tekstar der tekstlengde er vesentleg, er jo det naturleg å ty til kortare ord.
Kristiansen: Då eg jobba i Språkrådet og gjorde mindre analysar av språkbruk ved universitet og høgskular, hadde eg aldri behov for ordet akademia. Når ein arbeider med noko konkret, som spesifikke institusjonar, treng ein ordet mindre. Elles har eg leika meg med begrepssystematisering] slik terminologar liker: Akademia er både eit overbegrep, altså UH- og instituttsektoren under eitt, og eit underbegrep, om berre UH-sektoren. Dermed kan det vere uklårt om vi «er» i over- eller underbegrepet. Det same gjeld for akademikar. Overbegrepet akademikar viser til ein som studerer eller har studert. Akademikar som underbegrep tyder ein som har eit akademisk yrke.
Våge: Det har vorte såpass vanleg med akademisk utdanning at det ikkje vert naturleg å omtale seg som akademikar dersom ein arbeider i privat næringsliv.
Kristiansen: Eg er usikker på korleis begrepet vart brukt før kvalitetsreforma og før høgare utdanning vart ei masseutdanning. Med «akademikar» vil eg tenkje på ein i ei akademisk stilling med mindre det er brukt som skjellsord – om ein som er til dømes verkelegheitsfjern eller elitistisk.
– Eg stussar framleis over at høgare utdanning aleine kvalifiserer til å verte kalla akademikar – før slik utdanning vart så vanleg òg. Ein som vart sivilingeniør frå NTH i 1950-åra, bygde kanskje landet, men ikkje som akademikar?
Kristiansen: «Akademikar» har nok ei sterkare kopling til humaniorafaga, som ligg eit stykke frå gamle NTH. Eg har sjølv bakgrunn frå NHH. Det er ein vitskapleg høgskule, men det var absolutt ikkje tale om akademia der.
Våge: Det fruktbare må vere at ein akademikar er ein som driv akademisk aktivitet: forsking, undervising og formidling.
Kristiansen: Eg kan ikkje sjå føre meg at tydinga av akademia dermed vert utvida, snarare at vi får ei smalare tyding, altså at akademia gjeld UH-sektoren. Elles vil det jo omfatte svært mykje og nesten verte unyttig som merkelapp.
Våge: Eg vil gjerne seie noko om differensieringsprinsippet: Det er ein tendens til at språkbrukarar søkjer etter å finne skilnader mellom synonyme ord for å gje dei ei slags arbeidsdeling. På sett og vis ønskjer ein ikkje at orda akademia og universitets- og høgskulesektor skal være heilt synonyme ord. Kva skulle vi med to ord, då? Når det samstundes har vakse fram eit behov for å skilje mellom eit overordna omgrep og eit underordna, spesifikt omgrep, som Marita har vore inne på, så kan desse to orda få ei klårare fordeling seg imellom, sjølv om det eigentleg er ein glidande overgang mellom dei.
Les også: