Musea må med i Kyrkjeløftet
LUKK

Musea må med i Kyrkjeløftet

Av Ole Aastad Bråten, leiar i Norges museumsforbund og Liv Ramskjær, generalsekretær i Norges museumsforbund

Publisert 30. juli 2024 kl. 09:03

Med Kyrkjeløftet er det viktig at vi ikkje berre restaurerer kyrkjene, men også pussar støv av og utviklar kunnskapen omkring. Nettopp derfor er musea viktige.

Kyrkjene skal setjast i stand for 20 milliardar kroner. Staten vil bidra med 10 av dei. Kyrkjeløftet er utan tvil ei viktig satsing, men arbeidet må gjerast rett. Derfor treng vi tverrfaglege laboratorium slik at vi kan bygge kompetanse og utforske handverksmessige metodar. Musea kan vere desse laboratoria.

Musea forvaltar 25 millionar gjenstandar og 4500 historiske bygningar. I arbeidet med slike samlingar søkjer vi innsikt om eldre levemåtar, men òg inspirasjon til korleis vi kan leve liva våre i dag. Samlingar på museum er ikkje tause gravkammer, men aktivum til verdiskaping og god samfunnsutvikling. Derfor er musea viktige også for Kyrkjeløftet.

Annonse

Musea er ein av dei største kulturminneforvaltarane i landet. Musea forvaltar gardshus, gudshus, husmannsplassar og kloster. Derfor stiller styresmaktene krav til kompetanse for ei trygg og framtidsretta forvalting av kulturarven. Det same gjer verdssamfunnet. Gjennom UNESCO sin konvensjon om immateriell kulturarv har Noreg forplikta seg til å verne om og sikre framtida for ei rekke kulturuttrykk, tradisjonshandverk, til dømes.

I Noreg speler musea ei viktig rolle som forvaltar av tradisjonshandverk, det vere seg lafting, glasarbeid, taktekking og muring. Med kurs i eldre handverk er musea viktige laboratorium for utforsking og vidareutvikling av ei rekke tradisjonshandverk. Slik er musea støtter for handverkarane, utdanningsinstitusjonane, forvaltinga og eigarane – også kyrkjeeigarane.

Musea gjer mykje. Dei tilbyr kurs i handverksteknikkar for ungdom og vaksne, for ivrige hobbysnikkarar og nyutdanna murarar. Dei driv rådgjeving for mellom anna studentar ved NTNU eller Fagskolen Innlandet, og dei utarbeidar tilstandsrapportar for huseigarar og kyrkjeeigarar. Slik utøvar musea sitt samfunnsoppdrag – som støtte til forvaltinga og dei med skoa på, for alle dei som på ulikt vis arbeidar for og med kulturarven.

Alle snakkar om ressursar. Musea òg. Med eit etterslep i vedlikehald av eldre museumsbygg til nærmare 3,5 milliardar kroner, er musea sin bøn om fleire pengar berettiga. Men det handlar ikkje alltid om pengar, som kulturminister Lubna Jaffrey sa på landmøte i Norges museumsforbundet i april, men måten vi brukar dei på. Med 10 milliardar statlege kroner til den største kulturminnesatsinga nokon gong kan vi ikkje seie at det ikkje finst ressursar.

Mange er med rette bekymra for den handverksmessige utføringa og resultata av pengane som vi no skal bruke på kyrkjene. Vil arbeidet bli godt nok? Kva er godt nok? Med Kyrkjeløftet er det viktig at vi ikkje berre restaurerer kyrkjene, men også pussar støv av og utviklar kunnskapen omkring. Og nettopp derfor er musea så viktige, som lenke mellom dei handverksmessige oppgåvene som ein no skal løyse – og resultata ein så gjerne ynskjer å oppnå. Skal vi lukkast med Kyrkjeløftet treng vi tverrfaglege møteplassar for utvikling av handverksmessige metodar. Musea kan vere desse laboratoria.

Vi treng handverkarar med rett kompetanse. Fleire fylkeskonservatorar uttrykker bekymring for at det blir utdanna for få handverkarar med tilstrekkeleg antikvarisk kompetanse. Innlandet fylkeskommune har eit godt samarbeid med NTNU om ei spesialutdanning i tradisjonelt handverk, men elles er det fint lite. Med Kyrkjeløftet treng vi også ei satsing på utdanningsløpa – i vidaregåande skule, høgskule, fagskule og universitet. Og vi må spele på lag med dei miljøa som allereie sit med denne kompetansen, musea, til dømes.

Med Kyrkjeløftet er det viktig å samordne alle gode krefter. Satsinga må rome eit løft på kompetanse som skal kome kyrkjene til gode, men som òg kan verke stimulerande og godt også for den øvrige kulturmiljøsektoren. Ei satsing på kompetanse kan ikkje skje utan musea. Skal vi lukkast med Kyrkjeløftet må musea med.

Les også: