Ta forskinga tilbake
LUKK

Ta forskinga tilbake

Av Tor Halvorsen, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, seniorforskar ved FAFO, og æresprofessor ved The University of the Western Cape, Cape Town

Publisert 9. mars 2020 kl. 16:09

Forskaren må sjølv ha rett til å bestemme kva som er relevant forsking. Etter 40 år med nyliberalisme er det tid for ei kollektiv mobilisering, meiner Tor Halvorsen.

I desember arrangerte ein del kollegaer innan den akademiske profesjonen ein nasjonal konferanse om nyliberalismen, New Public Management og universitetspolitikk ved Oslomet. Samstundes vart boka Universitetskamp presentert, redigert av Aksel Tjora, hovudinnleiaren på konferansen. Boka inneheld 22 kapittel om den kritiske situasjonen den akademiske profesjonen er i.

Både konferansen og boka er starten på ei brei mobilisering for å ta tilbake kontroll over eigen arbeidssituasjon og difor òg for å ta ansvar for kva som er relevant forskingsbasert kunnskap. Medan ein i Noreg, som i det meste av den vestlege verda elles, har fokusert på forskarrolla i den nyliberale epoken, det vil seie dei siste ca. 40 åra, er det no eit spørsmål om å gjenreise det akademiske fellesskapet og reformere den institusjonen som skal forsvare og fremme arbeidsvilkåra og verdiane til dette fellesskapet: universitetet. Som det vart sagt av fleire på konferansen, er dette særleg viktig når vi no står overfor dei globale utfordringane, jamfør Parisavtalen og dei 17 berekraftsmåla til FN.

Spørsmålet som følgjer av denne diskusjonen, er da om Forskerforbundet som søker å forvalte forskaren sine interesser, også vil støtte denne mobiliseringa av den akademiske profesjonen når denne interesseorganisasjonen i så stor grad er blitt forma av (om enn motvillig) nyliberal tilpassing? Og i tilknyting til dette: Er vi tente med eit forskingsråd som i hovudsak er formidlar av kontraktar mellom samfunnsaktørar og forskarar, anten dei er lokalisert på universitet eller institutt? Bør Forskingsrådet (igjen) delast opp?

Må velje retninga sjølv

Ifølgje den tyske sosiologen Niklas Luhmann (i boka Wisseschaft der Gesellschaft), er den akademiske profesjonen karakterisert ikkje berre ved at han formidlar etablert kunnskap til komande generasjonar, men òg av at han stadig «arbeider med seg sjølv» for å endre denne kunnskapen (forsking), det som kan kallast destruktiv kreativitet. Ulikt andre profesjonar som legitimerer si rolle gjennom å verke for andre (klientar som i lege/pasient), har den akademiske profesjonen seg sjølv som klient; det vil seie at samfunnsoppdraget føreset at vi ikkje er fanga inn av bestemte «klient-relasjonar», men er frie til å endre kunnskapsgrunnlaget vårt i den retninga vi finn det nødvendig. Berre på den måten vil det òg vere ein fri dialog med alt og alle i samfunnet rundt, og rom for å stille alle typar spørsmål vi ser behov for å forske på. Det er vi som tar ansvar for relevansen og etikken til kunnskapen. Det er det profesjonelle oppdraget vårt, det vil seie noko vi gjer etter beste evne.

Frå professor til forskar

Når forskaren i så stor grad har erstatta professoren i den nyliberale fasen, følgjer det av den sterke kritikken av «professorveldet», «elfenbeinstårnet», universitetets manglande evne til omstilling, og viktigast: kritikken av relevans. Ein forskar er derimot langt meir relevant først og fremst fordi forskarrolla er definert av – og lar seg forme av –relasjonar til klientar og såkalla «reelle samfunnsproblem».

Som historikaren Edgeir Benum viste (i innlegg på høgare utdanningskonferanse i Bergen for ca. 15 år sidan) starta kritikken av den akademiske profesjonen, og forsvaret for den alternative rolla, forskaren, for alvor mot slutten av 1970-åra, ført an av OECD. Kjernen i kritikken var «manglande relevans». Ein første konsekvens var endringa av styringa av NAVF (Noregs allmennvitskaplege forskingsråd) og måten rådet alt no blei strukturert til brukarinteresser på. Universitetet i Oslo (UiO) protesterte med dåverande rektor Bastiansen i spissen. Seinare har vi sett tilsvarande protestar, som vist av Thue og Helsvig i siste bindet av historia til UiO.

I 1990-åra er likevel makta over kva som er relevant forsking, flytta ut av den akademiske profesjonen sjølv. Reorganiseringa av forskingsråda (til eitt) og forskaren som den som kollektiv organisering skal hegne om, blir knytt til førestillingar om at god kunnskap viser seg i bruken av kunnskap. Argumentet for slik brukarorientering, nye typar fleirfaglegheit for å løyse «reelle problem» og så vidare, er mest systematisk lansert i den såkalla Mode 2-litteraturen som fekk så stor innverknad på all forskingsorganisering i 1990-åra. Ifølgje forfattarkollektivet bak Mode 2-ideane er det snakk om ein heilt ny måte å «produsere» kunnskap på, ein måte som vår tid krev om kunnskapen skal bli «relevant».

Brukarane styrer forskinga

Benum hevdar at vi (Noreg) seint tilpassa oss den nye tida, men at vi låg i forkant når det gjaldt å gå over til å sjå på «forskaren» som ein som fleksibelt tilpassar kunnskapen til brukarinteressene. Forskarrolla har erstatta professorrolla, og kontrollen over relevant kunnskap blir også i Noreg gradvis flytta ut av universitetet. Når vi rundt tusenårsskiftet kvalitetsreformerer oss, er ikkje lenger universitetet ein institusjon som garanterer den akademiske profesjonen kontroll over eigen arbeidssituasjon.

Det eksterne så vel som det interne kontrollbyråkratiet har vakse raskt, og relevans er styrt av brukarinteresser, også innan Forskingsrådet. Gitt denne utviklinga – er det da nokon sjans for å gjenreise autonomien til den akademiske profesjonen?

Rømde til USA

Den kjende nobelprisvinnaren i litteratur og professor ved University of Cape Town, J.M. Coetzee, hevdar i Diary of a bad year at det idealet Luhmann viser til, ikkje vil kome tilbake (s. 35): «… what universities suffered during the 1980s and 1990s was pretty shameful, as under threat of having their funding cut they allowed themselves to be turned into business enterprises, in which professors who had previously carried on their enquiries in sovereign freedom were transformed into hurried employees required to fulfil quotas under the scrutiny of professional managers. Whether the old power of the professoriate will ever be restored is much to be doubted.» (Mi kursivering.)

Coetzee sjølv valde «exit» frå universitetet. The American Association of University Professors, som altså enno ikkje hadde gitt opp professoridentiteten (som i Noreg og Sør-Afrika) brukte 100-årsfeiringa i 2015 til å markere ein fornya kamp for akademisk fridom, ein fridom som var blitt underminert under nyliberalismens krav om ekstern kontroll over relevans og «accountability» (til brukaren av kunnskapen). Erfaringa var (og er) at den kollektive kontrollen over individuell akademisk fridom måtte ligge i eigenorganiseringa til profesjonen.

Skrekkhistorier frå England kom reisande med dei mange professorane som rømde derifrå til USA, frå eit land der den profesjonelle identiteten var – ifølgje Mary Henkel – fundamentalt endra dei siste 30 åra. Ho viser i ei rekke publikasjonar (mellom anna i eit foredrag på ein av utdanningskonferansane i Bergen) til eit «internal loss of professionalism» i overgangen frå «scholar» og professor til forskar, og ho viser til eit universitet som ikkje lenger kunne eller ville beskytte autonomien til akademikaren. Særleg er ho bekymra for korleis «the market value of the professors» underminerer den akademiske fellesskapen.

Individualisering

I Tyskland er Axel Honneth opptatt av korleis tilpassinga til nyliberalismen har skapt ei forskarindividualisering der alle akademikarar er blitt «Human Capital Businesses», det vil seie forskarar som i større eller mindre grad (jamfør fokus på prosjektrekvirering og CV-bygging) sel kompetansen sin gjennom personlege firma. For han er det å gjenreise autonomien til den akademiske profesjonen eit spørsmål om demokratisk mobilisering av alternativ til nyliberalismen. Vi har ikkje noko val, slik eg tolkar Honneth og hans store verk om det sosiale fundamentet for demokratiet (Freedom’s Right). Exit er ikkje eit alternativ, men heller ikkje lenger å akseptere ei utholing av institusjonane innanfrå, slik til dømes «forskarrolla» har opna for innan akademia.

Forskarfridom krev kollektiv innsats

Med boka Universitetskamp, og konferansen i Oslo, har diskusjonen starta. Dersom vi skal gjenreise universitetet som ein institusjon som forsvarer fellesverdiane for den akademiske profesjonen, må vi da ikkje også organisere oss betre for å forsvare denne, for å beskytte den enkelte?

Forskarfridom krev sterk kollektiv innsats, som Honneth framhevar. Lista over akademikarar som har blitt sparka eller pressa ut av faglege miljø for manglande «relevans», veks raskt, som rapportert både frå Sverige og USA. I første omgang dreier det seg om det kollektive forsvaret vårt for retten akademikaren har til å bestemme kva som er relevant forsking, kva spørsmål vi skal stille til samfunnsutviklinga, kva svar vi gjev, og kva ansvar vi tar for sanningsinnhaldet til desse svara.

Med dagens globale utfordringar er ansvaret for både kva kunnskap vi utviklar, og for bruken av denne, ei særleg kritisk kollektiv utfordring for den akademiske profesjonen. Når ny kunnskap støyter mot etablerte sanningar slik desse er vovne inn i hegemoniske maktrelasjonar, som i dagens utviklingsmodell for vekst og velstand, vil ei organisering rundt forskarrolla vere for svak. Ei nyorganisering er nødvendig, med konsekvensar også for finansieringa av forskinga og organiseringa og styringa av universiteta.

  • Les også: