Publisert 11. januar 2021 kl. 14:11
Aldri anna enn språk er ei spalte om språket i kunnskapssektoren. Vi har fått fast hjelp frå to terminologar, som her uttalar seg som språkmenneske og berre på vegner av seg sjølve.
Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.
Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.
Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i språkspalta? Send framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.
Etter spalter om enkeltorda campus og paper, feirar eg den tredje spalta med å ta tre nemningar under eitt. Dei to fyrste – referee og reviewer – har liknande tydingar, personar som vurderer fagleg kvalitet. Den tredje er med på slep: peer review.
Medan vi så langt truleg har hatt ein lett klagande tone om korleis høgt utdanna folk så medvitslaust og upresist bruker engelske småord, anar eg denne gongen visse ljospunkt. Norsken slår tilbake! Kvifor? Korleis? (Vi lovar å oppretthalde eit visst nivå av klaging.)
Våge: Historisk sett har ein brukt reviewer om kritikarar av ulike tekstar etter publisering heilt tilbake på 1600-talet, medan ein referee i same tidsperiode var ein som vurderte patentsøknader. Bruken av dei har endra seg mykje sidan då. Anglisisme-ordboka (med undertittel Engelske lånord i norsk, utgitt på Universitetsforlaget i 1997, journ.mrk.) nemner referee som ‘faglig bedømmer’, altså ein som vurderer vitskaplege artiklar. Den tydinga av referee som er mest kjend i dag bortsett frå den akademiske, er den sportslege, til dømes frå fotball, nemleg dommar.
Kristiansen: Det gjev meining. Enkelte fagfellevurderarar oppfører seg òg som dommarar!
Våge: Hah! Men akkurat der ligg det ein skilnad mellom tydinga i akademia og sport. I akademia skal ein verte vurdert av ein kollega, ein likemann. I sport har dommaren ein annan status enn spelarane.
Kristiansen: Ifølgje engelske ordbøker vert «referee» på britisk engelsk brukt i tydinga dommar, om ein referanse – til dømes ved jobbsøk – og om ein som meklar i konfliktar. På amerikansk engelsk vert «referee» i tillegg nytta om fagleg vurdering både som substantiv og verb.
Kristiansen: I tekstar frå Forskingsrådet finn eg mange døme på bruk av referee, men ordet førekjem sjeldan i offisielle korpus som vi bruker i ordboksarbeid, altså søkbare tekstsamlingar frå blant anna aviser og skjønnlitteratur. Referee er nok utbreidd munnleg som sjargong i sektoren.
Våge: Ja, det er fantastisk at fagfelle og fagfellevurdering har fått fotfeste. Kanskje bokstavrimet har hatt ein viss appell? Fagfelle tek opp leddet felle som vi kjenner frå til dømes ektefelle, meiningsfelle og jaktfelle. Ein «peer» er òg ein felle, ein likemann.
Kristiansen: Nja, det har vore svært få støytar når gjeld norsk terminologi generelt og i norsk akademia spesielt. Store norske leksikon har fagfellevurdering som oppslagsord, men det er ikkje mykje brukt i norsk tekst.
Våge: Men fagfellevurderar er ei naturleg avleiing av fagfellevurdering og er dessutan allereie i bruk i sektoren. Tenkjelege alternativ som fagfellekontrollør, fagfellegranskar eller liknande tykkjer eg ikkje høver særleg godt, og det er ikkje noko poeng å introdusere heilt nye ordkandidatar når vi har ein som kan duge trass ordlengda.
Kristiansen: Dei ulike universiteta bruker uttrykk som til dømes kollegial vurdering og fagvurdering. Når det oppstår mange norske synonym, styrkar heller det engelske seg. Eg har vokse opp med peer review, og eg tek meg sjølv i å bruke reviewer. Men eg tykkjer vi må svelgje å seie det norske, og det er viktig å ende med eitt uttrykk.
Kristiansen: Det er vanskeleg å kome unna «fagfellevurderar» sidan fagfelle er vi jo enten vi vurderer eller ikkje.
Våge: Ja. Det vert ei naturleg kopling mellom aktivitet (fagfellevurdering) og utøvar (fagfellevurderar).
Kristiansen: Forskingsrådet nyttar stundom «(internasjonale) (fag)ekspertar» eller «panel» om dei som kvalitetsvurderer eller evaluerer eit program.
Våge: Å velje eit godt ord handlar om å velje eit ord som er lettare å forstå, lettare å bruke og lettare å skrive.
Ja vel, kjære lesarar. No har de fått noko å tenkje på. Kva ordkandidatar tykkjer de er best, eller har de eigne framlegg? Send meg gjerne ein e-post. De som tykkjer at engelskpåverknaden i norsk akademia er kritikkverdig liten, les eg med ekstra stor interesse.
Les også: