Forsking til politisk bruk
LUKK

Forsking til politisk bruk

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. desember 2012 kl. 11:19

- At forskingsmiljøa blir inviterte til å delta i forsking med så klare politiske premiss, er høgst problematisk, seier professor Kjell Lars Berge.

forsking-til-politisk-bruk


Kjell Lars Berge synest det er merkelig at akkurat sidemålsundervisninga skal bli gjenstand for «kvasivitskaplege studiar». Foto: Kjetil Brottveit

Fakta
<

 

– Utdanningsdirektoratet bruker rapporten frå Nordlandsforskning for alt han er verd i argumentasjonen for å fjerne sidemålskarakteren i norsk, seier Endre Brunstad, førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen.

I eit forslag til høyringsnotat frå Utdanningsdirektoratet til Kunnskapsdepartementet om endring av læreplanen i norskfaget tilrår direktoratet færre karakterar i norsk i vidaregåande skule. Eitt av forslaga er å fjerne eigen sidemålskarakter, og direktoratet viser blant anna til ein rapport frå Nordlandsforskning, som har evaluert eit forsøk ved to vidaregåande skular: Kongsbakken videregående skole og Fana gymnas. Rapporten konkluderer med at både elevar og lærarar er positive til forsøket med éin felles karakter i norsk i staden for tre.

Kjell Lars Berge, professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO), reagerer:

– Det er jo eit politisk standpunkt at ein skal ha sidemålsopplæring, og om ein ønskjer å endre på dette, bør ein normalt gå den politiske vegen gjennom politiske fatta vedtak. Det er oppsiktsvekkande at politikarar og ein del byråkratar trur at vi forskarar skal engasjerast til å drive med ei slags form for effektforsking for å kunne sjå verdien av eit kunnskapsfelt som Stortinget har vedteke.

Takka nei til oppdraget

Fagmiljøet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB, som Brunstad er ein del av, fekk spørsmål frå dei to skulane om å gjere ein effektstudie av eit utviklingsprosjekt.

– Men det var metodisk uråd å få til, både fordi forsøket alt var sett i gang, og sidan ein mangla samanlikningsgrupper. Hovudgrunnen vår for å avslå var dei metodiske og forskingsetiske sidene ved saka. Men også økonomiske, då det nesten ikkje følgde pengar med, seier Brunstad, som også er ein markant person i målrørsla.

– Skulane hadde ein tydeleg agenda. Ein av lærarane ved Kongsbakken hadde alt skrive mange positive innlegg i fleire aviser og i bladet Utdanning om kor vellukka forsøket var. Det er naivt å tru at dette ikkje verkar inn på intervjuobjekta, seier han.

Seinare takka også NIFU nei til oppdraget av faglege og økonomiske grunnar. Spesialrådgjevar Nils Vibe skriv i svarbrevet til Utdanningsdirektoratet at «Vi har vanskelig for å se for oss noen som kan ønske å ta på seg dette og som kan gjøre det på en faglig forsvarlig måte».

– For lite kritisk

Nordlandsforskning takka derimot ja, og Brunstad meiner forskarane der ikkje har vore kritiske nok med tanke på kor politisk denne saka er.

– Det var del av bestillinga frå direktoratet at evalueringa kunne ha interesse for arbeidet med ny læreplan i norsk. Dette tilseier at Nordlandsforskning burde vore ekstra opptekne av dei metodiske og forskingsetiske sidene ut frå den samanhengen rapporten ville gå inn i.

Prosjektleiar Wenche Rønning kjenner godt til kritikken, og seier Nordlandsforsking ikkje har utført ein effektstudie.

– Ein må sjå dette som ein svært avgrensa studie av eit forsøk ved to skular, og det ville vore problematisk om ein som forskar ikkje skulle våge å gå inn i problemstillingar med politisk sprengstoff. Om dette blir ei politisk sak, og departementet skal ta avgjerder om norskfaget vidare, må ein byggje på mykje meir enn ein enkel rapport av eit forsøk på to skular, seier ho.

Berre ei oppsummering

Seniorrådgjevar Tone Vindegg i Utdanningsdirektoratet seier rapporten frå Nordlandsforskning berre er ei oppsummering av eit lokalt initiativ.

– Prosjektet er ikkje stort nok til at resultatet er generaliserbart.

– Men rapporten blir brukt som del av argumentasjonen for berre éin karakter i norsk?

– Rapporten er berre ein liten del av eit større bilete, og blir brukt som del av ein debatt. Prosjektet har ikkje status som forsking på vurderingsordningane. Den forskinga finn ein blant anna i delrapportane frå Evalueringa av Kunnskapsløftet 2006–2012, seier Vindegg.

Berge ved UiO har denne kommentaren:

– Det var den same historia med sidemålsforsøket i Oslo. Der skulle det også utførast ein effektstudie, men det var umogleg. Så NIFU gjennomførte til slutt ei undersøking der det såg ut som dei hadde avdekt ein slags effekt. Det er merkeleg at akkurat sidemålsundervisning skal bli gjenstand for kvasivitskaplege studiar. Om forskingsmiljøa skal bidra til debatten med noko som dei fleste opplever som ganske dårleg forsking, då grenser det til misbruk av forskinga, meiner han.

Om rapporten frå Nordlandsforskning er nemnd i det endelege høyringsbrevet frå Kristin Halvorsen, var ikkje klart då Forskerforum gjekk i trykken.